Berit Ås
Berit Ås | |
![]() | |
Fødd | 10. april 1928 (94 år) Fredrikstad |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Demokratiske Sosialistar |
Yrke | politikar, universitetslærar, psykolog |
Institusjonar | Universitetet i Oslo |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo University of Michigan |
Berit Ås (fødd Berit Skarpaas, 10. april 1928) er ein norsk sosialpsykolog og tidlegare politikar frå Fredrikstad, busett på Nesbru i Asker kommune. Ho var den første partileiaren i Sosialistisk Venstreparti, og har òg vore ein viktig figur i norsk kvinnerørsle. Mellom anna var ho ei av kvinnene bak «Kvinnekuppet», ein politisk aksjon som oppmoda til kumuleringar og strykingar på vallistene til kommunevalet i 1971 for å få kvinner inn i styringa av kommunane. På den måten vart det kvinneleg fleirtal i kommunestyret i Asker, 27 kvinner og 20 menn. Dette fullt lovlege «kuppet» vakte internasjonal merksemd.
Då SV vart skipa i 1975, vart ho leiar. Ho hadde bakgrunn frå DNA-utbrytargruppa AIK, og var mellom dei 16 representantane Sosialistisk valforbund fekk valt inn på Stortinget i 1973. Ho sat som leiar i eitt år, før Berge Furre tok over.
Mellom dei viktigaste bragdene hennar som forskar reknar ein identifikasjonen av dei fem hersketeknikkane, som ho skreiv om i 1979.
I 1997 vart ho riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Ho mottok òg ein internasjonal akademikarpris ved Amsterdam Universitet i 1988.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Haslund, Ebba. 2008. Ild fra Asker : et portrett av Berit Ås. Oslo: Pax forlag. ISBN 978-82-530-3102-6
- Einskildkvinner
- Fødde i 1928
- Norske psykologar
- Norske professorar
- Professorar ved Universitetet i Oslo
- St. Olavs Orden
- Æresdoktorar ved Københavns Universitet
- Leiarar for Sosialistisk Venstreparti
- Stortingsrepresentantar 1973-1977
- Stortingsrepresentantar frå SV
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Folk frå Fredrikstad
- Folk frå Asker
- Vitskapleg tilsette ved Universitetet i Oslo
- Norske kvinnesaksfolk