Kvitgran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvitgran

Status i verda: LC Livskraftig

Kvitgran P. glauca
Kvitgran P. glauca

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Pinopsida
Orden: Pinales
Familie: Pinaceae
Slekt: Picea
Art: P. glauca
Vitskapleg namn
Picea glauca
(Moench) Voss

Kvitgran (Picea glauca) er ein plante i granslekta i furufamilien. Ho høyrer naturleg heime på det nordamerikanske kontinentet. I Canada og Alaska, mot 70. breiddegraden, dannar ho den arktiske skoggrensa. Ho veks òg ved dei store sjøane i USA, sør til 42°30' N.

Kvitgrana vert brukt både til framstilling av cellulose og papir og som virke for trelast.

Kvitgrana er svært hardfør, både med tanke på vind, temperatur og krava til jordbotnen. Difor er ho mykje bruka i skogreisinga på lyngmark langs norskekysten, og ho er godt eigna til leplanting. Ho er meir lyskrevjande enn norsk gran.

Kvitgrankongle.
Kvitgran
Namn på andre språk
Svensk Vitgran
Dansk Hvid-Gran
Engelsk White spruce
Tysk Weiß-Fichte, Schimmel-Fichte
Fransk Épinette blanche
Spansk Pícea blanca
Russisk Jel belaja (Ель белая), jel sizaja (ель сизая)

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Kvitgran veks naturleg i taiga i den nordlege delen av Nord-Amerika, frå sentrale Alaska til så langt aust som Avalon-halvøya i Newfoundland, og sør til nordlege Montana, Minnesota, Wisconsin, Michigan, New York, Vermont, New Hampshire og Maine. Det er òg ein isolert populasjon i Black Hills i Sør-Dakota og Wyoming.[1][2][3][4][5] På engelsk er treet er òg kjent som Canadian spruce, skunk spruce, cat spruce, Black Hills spruce, western white spruce, Alberta white spruce og Porsild spruce.[6]

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Fleire variantar er blitt skildra, men dei har ikkje blitt akseptert som separate av alle botanikarane. Eit kompromiss kan ein rekne frå aust til vest:[1][2]

  • Picea glauca var. glauca (typisk eller Eastern white spruce). Frå Newfoundland vest til austre Alberta, på låglandslettene.
  • Picea glauca var. densata (Black Hills white spruce). Black Hills i Sør-Dakota.
  • Picea glauca var. albertiana (Alberta white spruce). Rocky Mountains i Alberta, British Columbia og nordvestre Montana.
  • Picea glauca var. porsildii (Alaska white spruce). Alaska og Yukon.

Kultivarar[endre | endre wikiteksten]

Fleire kultivarar har blitt valt ut til bruk i parkar og hagar.

  • P. glauca 'Echiniformis' har fått Royal Horticultural Society sin Award of Garden Merit.[7]
  • P. glauca var. albertiana 'Conica' - Kjeglegran, ein dvergkultivar som er ei populær hageplante. Den har slanke blad, lik dei ein normalt finn på eitt år gamle plantar. Kultivaren veks veldig sakte, typisk berre 2-10 cm pr år. Gamle eksemplar kan «revertere», ved at dei utvikler vanleg bladverk og startar å vekse mykje hurtigare. Denne veksten må trimmast om planta framleis skal vere eit dvergtre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Skinnemoen: Skogskjøtsel Landbruksforlaget 1969

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Farjon, A. (1990). Pinaceae. Drawings and Descriptions of the Genera. Koeltz Scientific Books ISBN 3-87429-298-3.
  2. 2,0 2,1 Rushforth, K. (1987). Conifers. Helm ISBN 0-7470-2801-X.
  3. Conifer Specialist Group (1998). Picea glauca. 2006. IUCN Red List of Threatened Species. IUCN 2006. www.iucnredlist.org. Retrieved on 12 May 2006.
  4. Gymnosperm Database: Picea glauca
  5. Flora of North America: Picea glauca
  6. Nienstaedt, Hans; Hans Nienstaedt and John C. Zasada (1990). «Picea glauca (Moench) Voss». Silvics of North America, Volume 1:Conifers. United States Forest Service. http://www.na.fs.fed.us/spfo/pubs/silvics_manual/Volume_1/picea/glauca.htm. Henta 2010-11-14. 
  7. http://apps.rhs.org.uk/plantselector/plant?plantid=3822

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvitgran