Løftekrok for tømmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Døme på løftekrok.

Løftekrokar vart nytta for å snu stokken i samband med kvisting og barking. Dei vart òg nytta for å flytta på tømmerstokkar i samband med at dei vart lasta på ein stutting, og ved avlasting på lunningsplassen. Då tømmersaksene vart tilgjengelege gjekk løftekrokane gradvis or bruk.