Barkespade

Barkespade, berk(j)espade eller borkespade er ein skogsreiskap som vert nytta for å barka tømmer ved hogst. Tidlegare, då ein nytta hest for å køyra fram tømmeret, var det vanleg å barka det i samband med felling og kvisting. Tømmeret gleid då lettare på snøen og vart lettare å dra for hestane, slik at ein kunne køyra større lass. Det førte òg til at tømmeret turka fortare, og det hindra at borkbiller gjorde skade på tømmeret. Tømmeret er lettast å barka når sevja stig. Om vinteren når borken er frosen, kan barking verta hardt arbeid.
Barkespadar har eit langt skaft av tre. På enden av skaftet var det ei kule, som førte til at ein fekk betre tak på spaden når han vart støytt framover. Det var òg vanleg med ei kule på skaftet litt ovanføre bladet, for at borken skulle verta ført bort frå hendene[1].
I Noreg vart det vanleg å nytta barkespade rundt år 1900. Før det vart det nytta ei øks med breitt blad. Innføringa av barkespaden letta arbeidet og førte til at barkinga gjekk snøggare. Men framleis utgjorde barkinga om lag halvparten av tida det tok å fella, kvista og barka eit tre[2][3]. Tidsforbruket varierte etter kor mykje kvist det var på trea og etter årstida. I sevjetida var det lett å barka, men om vinteren, når borken var frosen, gjekk det mykje seinare.
Barkespadar vert òg nytta til andre oppgåver, som å hogga hol i isen i samband med isfiske.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Barking med barkespade.
- Barking med barkespade.
- Barkespadar utstilte på Norsk skogmuseum.
- Nærbilete av barkespadar utstilte på Norsk skogmuseum.