Handspik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Handspik er ein trestaur som vert nytta om lag på same måten som eit spett. Tidlegare vart handspik ofte nytta under skogsarbeid, som til dømes for å lessa tømmerstytting, for å rulla tømmret på plass på ein lunningsplass, og liknande. Når ein ikkje hadde spett til rådvelde vart det ofte laga ei handspik av ein høveleg småstamme. Ei handspik var ofte lengre enn eit spett, slik at ein fekk større kraft når ho vart nytta som vektstong.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]