Lü Huihui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lü Huihui

20150527 Huihui Lu 5296.jpg

Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 26. juni 1989 (32 år)
Changyuan
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, VM i friidrett 2015, Friidrett under Sommar-OL 2016, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Spydkast damer, Friidrett under Sommar-OL 2016 – Spydkast kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Spydkast kvinner

Lü Huihui (fødd 26. juni 1989) er ein kinesisk spydkastar frå Xinxiang. Ho vann sølvmedaljen i VM 2015 og bronsemedaljen i så vel VM 2017 som VM 2019.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lü kom på femteplass i spydtevlinga ved dei olympiske leikane i London 2012, med eit finalekast på 63,70 m. Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing sette ho i femte finaleomgang asiarekord med 66,13 meter. Dermed gjekk ho opp i leiinga, men i sjette og siste omgang slengde tyske Katharina Molitor spydet 67,69 meter og tok gullmedaljen, Lü fekk sølvet.

Med personleg årsbeste på 64,04 m vart Lü nummer 7 i Sommar-OL i Rio de Janeiro. I kvalifiseringa til VM-finalen 2017 i London forbetra ho asiarekorden til 67,59 meter. I sjølve finalen nådde ho 65,26 m og fekk bronsen. 26. mai 2018 flytta ho asiarekorden til 67,69 m ved eit stemne i Halle an der Saale.

Våren 2019 vart Lü asiameister i Doha, vinnarkastet på 65,83 meter var meisterskapsrekord. Den 2. august forbetra ho asiarekorden til 67,98 meter i Shenyang. Under verdsmeisterskapen 2019 vann ho som sist bronsemedaljen, Kelsey-Lee Barber frå Australia og hennar eiga landskvinne Liu Shiying vart nummer 1 og 2.

Doping[endre | endre wikiteksten]

27. april 2013 testa Lü positivt på hydroklortiazid og vart utestengt i 12 månader for brot på dopingreglane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]