Liu Shiying

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liu Shiying


Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 24. september 1993 (30 år)
Yantai
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Spydkast kvinner

Liu Shiying (fødd 24. september 1993) er ein kinesisk friidrettsutøver som tevlar i spjutkasting. I 2021 vart ho olympisk meister i øvinga, to år etter ho vann sølvmedaljen i verdsmeisterskapen 2019.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Liu vann i 2015 gullmedaljen i asiameisterskapen i Wuhan med 61,33 m. Året etter rauk ho ut i kvalifiseringa under Sommar-OL i Rio de Janeiro. Etter ein åttandeplass i London-VM 2017, kasta ho 66,09 m då ho i 2018 sigra ved asialeikane i Jakarta og viste landskvinna Lü Huihui til andreplass. I VM i friidrett 2019 i Doha tok Liu sølvmedaljen med eit kast på 65,88 m, australske Kelsey-Lee Barber vann tevlinga. Høgdepunktet kom då Liu med eit bestekast på 66,34 meter sikra seg den olympiske gullmedaljen i Tokyo sommaren 2021. Sidan enda ho på fjerdeplass i VM i friidrett 2022, og på sjetteplass i VM i friidrett 2023.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]