La forza
«La forza» Song av Elina Netsjajeva | ||
Land | Estland | |
Språk | Italiensk | |
Utgjeve | 22. januar 2018 | |
Sjanger | Operapop | |
Lengd | 03:05 | |
Selskap | Timulition | |
Låtskrivar(ar) | Ksenia Kuchukova, Mihkel Mattisen, Elina Netsjajeva, Timo Vendt |
---|
«La forza» (italiensk uttale: [la ˈfɔrtsa]; norsk omsetjing: ’styrken‘ eller ’krafta‘) er ein song frå 2018 med Elina Netsjajeva. Songen vann den estiske songtevlinga Eesti Laul 2018 og var det estiske bidrag til Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa.
Om sangen
[endre | endre wikiteksten]«La forza» er skriven av Ksenia Kuchukova, Mihkel Mattisen, Elina Netsjajeva og Timo Vendt. Mattisen skreiv det estiske Eurovision-bidraget «Et uus saaks alguse» i 2013, mens Vendt gjorde det same i 2014, då han skreiv «Amazing».[1]
«La forza» var eitt av 20 bidrag i den estiske songtevlinga Eesti Laul 2018, arrangert av kringkastaren Eesti Rahvusringhääling (ERR).[2][3] «La forza» kvalifiserte seg frå semifinalen 10. februar og vann seinare finalen 3. mars 2018 i Saku Suurhall i Tallinn.[4][5][6] Gjennom sigeren blei «La forza» det estiske bidraget til Eurovison Song Contest.[7][8]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]I januar 2018 blei Estland trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest.[9] Semifinalen blei arrangert i Altice Arena i Portugal tysdag 8. mai, og Estland hadde startnummer 9.[10] «La forza» blei blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 12. mai.[11] I finalen blei songen nummer 8 av 26 bidrag.[12]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2018) | Høgaste plassering |
---|---|
Estland (IFPI)[13] | 19 |
Estland Nasjonal (IFPI)[13] | 1 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Elina Nechayeva». eurovision.tv. Henta 19. april 2024.
- ↑ Ko, Anthony (10. november 2017). «ESTONIA: STIG RÄSTA AMONG THE EESTI LAUL 2018 SEMI-FINALISTS». wiwibloggs.com. wiwibloggs. Henta 11. november 2017.
- ↑ «Räppi, poppi ja klassikat: Eesti Laul 2018 poolfinalistid on selgunud!». menu.err.ee. Eesti Laul. 10. november 2017. Henta 11. november 2017.
- ↑ «Eesti Laulu esimesed finalistid selged: Finaali pääsesid Iiris & Agoh, Stig Rästa, Elina Nechayeva, Sibyl Vane ja Vajé». publik.delfi.ee (på estisk). Delfi (web portal). 10. februar 2018. Henta 22. februar 2018.
- ↑ «Elina võitis mäekõrguselt: Vaata, kuidas jagunesid žürii ja publiku hääled Eesti Laulu poolfinaalides ja finaalis». 5. mars 2018.
- ↑ «Estonia: Elina Nechayeva to Lisbon with her song "La Forza"». eurovisionworld.com. 3. mars 2018. Henta 22. august 2021.
- ↑ Jordan, Paul (3. mars 2018). «Elina Nechayeva wins 'Eesti Laul' in Estonia». Eurovision.tv. Eurovision Song Contest. Henta 4. mars 2018.
- ↑ Mercereau, Damien (7. mars 2018). «Eurovision 2018 : Elina Nechayeva, une chanteuse d'opéra pour l'Estonie» (på fransk). Le Figaro. Henta 9. mars 2018.
- ↑ Jordan og Zwart, Paul og Josianne (29. januar 2018). «Which countries will perform in which Semi-Final at Eurovision 2018?». eurovision.tv. Henta 29. januar 2018.
- ↑ «Eurovision 2018: Semi-Final Allocation Draw Details Revealed - Eurovoix». Eurovoix (på engelsk). 12. januar 2018. Henta 20. januar 2018.
- ↑ «First Semi-Final: 10 ACTS QUALIFY FOR EUROVISION 2018 GRAND FINAL». eurovision.tv. Henta 19. april 2024.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2018 – deltakere i finalen». eurovision.tv. 12. mars 2018. Arkivert frå originalen 29. januar 2018. Henta 12. mars 2018.
- ↑ 13,0 13,1 Nestor, Siim (12. mars 2018). «EESTI TIPP-40 MUUSIKAS läks tarvis "La Forzat", et seljatada "Kiki Miki"». Eesti Ekspress (på estisk). Henta 14. januar 2019.
- Denne artikkelen bygger på «La forza» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2024.