Laila Kaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Laila Kaland
Fødd8. januar 1939
Gloppen
Død30. desember 2007
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Laila Kaland, fødd Lothe (8. januar 193930. desember 2007) var ein norsk sjukepleiar og politikar frå Gloppen i Nordfjord. Ho representerte Møre og Romsdal og ArbeidarpartietStortinget frå 1985 til 2001.

Laila Lothe var fødd og oppvaksen på Rygg i Gloppen kommune, dotter til ein handelsmann. Ho utdanna seg til sjukepleiar i Bergen i 1961. Sidan arbeidde ho ved sjukehuset i Ålesund åra 1968-72. Familien busette seg i Sykkylven, der ho var tilsett på Sykkylven sjukeheim 1972-79 og som sjukepleiesjef for Sykkylven kommune 1979-85.

Kaland var medlem av kommunestyret i Sykkylven 1976-83, og av fylkestinget i Møre og Romsdal 1980-85. Valperioden 1981-85 var ho fyrste vararepresentant for Arbeidarpartiet til Stortinget frå Møre og Romsdal og møtte på Tinget ved fleire høve. Frå 1985 til 2001 var Kaland fast representant for Møre og Romsdal. I den fyrste fireårsbolken var ho medlem av Kyrkje- og undervisningskomitéen, i den neste av Sjøfarts- og fiskerikomitéen der ho vart sekretær frå då den andre Brundtland-regjeringa kom til makta hausten 1990. Valperioden 1993-97 var ho medlem av Kontroll- og konstitusjonskomitéen. I tillegg var ho med i Fullmaktskomiteen frå 1993 til 2001, og i Valkomiteen 1997-2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]