Lakota

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lakota
Lakȟótiyapi (la.ˈk͡xo.ti.ja.pi)
Klassifisering Sioux-catawbanske språk
 Vest-Sioux
  Mississippi Valley-sioux
   Dakotisk
    Sioux
Bruk
Lakotatalande i alt 2 100 (1997)
Språkkodar
ISO 639-3 lkt
Glottolog lako1247


Kart over lakota-område før europeisk kontakt.

Lakota er eit siouxspråk som vert tala av lakotafolk. Språket er i nær slekt med dakota. Båe vert ofte sett på som variantar av sioux.

Lydlære[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Utover fem orale vokalar, det vil seia /i e a o u/, har lakota òg tre nasale vokalar som er nasalerte variantar av dei orale. I den standardiserte ortografien (SLO) vert nasale vokalar skrivne med bokstaven eng, /ŋ/, etter vokalen.

Fremre Sentral Bakre
lukka oral i u
nasal ĩ ũ
mellom e o
open oral a
nasal ã

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Den ustemte uvulare frikativen, ȟ [χ] vert nytta både sjølvstendig og bokstaven for frikativen vert nytta i kombinasjon med andre teikn. Ein apostrof (') vert nytta for å markera ein glottal lukkelyd, [ʔ], som tyder å gjere eit «støyt» gjennom å pressa ihop stemmebanda, som i den engelske interjeksjonen «uh-oh!» eller som lyden til slutt i det danske ordet (og fenomenet) stød. I kombinasjon med ein konsonant vert desse lydane kalla for ejektive konsonantar. Bokstavar kombinert med h (ph, th, čh, kh) tyder at lydane er aspirerte. Den stemte uvulare frikativen, ǧ [ʁ], vert uttalt som ein uvular tremulant, [ʀ], framfor /i/ og ofte som ein stemt velar frikativ, [ɣ], i rask tale.

Bilabiale Dentala Alveolare Postalveolare Velare Uvulare Glottale
Nasalar m [m] n [n]
Klusilar og affrikat uaspirerte p [p] t [t] č [tʃ] k [k] [ʔ]
stemte b [b] g [ɡ]
aspirerte ph [pʰ] / [pʰ] th [tʰ] / [tʰ] čh [tʃʰ] kh [kʰ] / [kʰ]
ejektive p’ [pʼ] t’ [tʼ] č’ [tʃʼ] k’ [kʼ]
Frikativ ustemte s [s] š [ʃ] ȟ [χ]
stemte z [z] ž [ʒ] ǧ [ʁ]
ejektive s’ [sʼ] š’ [ʃʼ] ȟ’ [χʼ]
Approksimantar w [w] l [l] y [j] h [h]

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Det vert nytta mange ortografiar for å skriva lakota, men den ortografien som vert nytta i New Lakota Dictionary er den mest utbreidde og nytta. Ortografien, som på engelsk vert kalla for Standard Lakota Orthography (SLO) vert mellom anna nytta av Sitting Bull College, Standing Rock Sioux Tribe, Cheyenne River Sioux Tribe og i dei fleste skulane i indianarreservat som Pine Ridge og Rosebud.[1]

Trykk vert markert med ein aksent på vokalen i stavinga. Vanlegvis ligg hovudtrykket på første eller andre stavinga, vanlegast på andre. Nokre få ord har hovudtrykk på tredje stavinga i nokre få ord. Trykksterke vokalar får ein høgare ordtone enn dei andre vokalane i ordet. Av og til utgjer trykket skilnaden mellom to ord, som ówaŋžila ('saman') og owáŋžila ('stilla, stille').[2]

Ei hake vert nytta for alveolare og velare frikativar č //tʃ//, ǧ //ʁ//, ȟ //χ//, š /ʃ/ og ž /ʒ/. Aspirerte konsonantar vert skrivne med h: čh, kh, ph, th, og velare frikative konosnanter med ȟ: kȟ, pȟ, tȟ. Ejektiva vert skrivne med ein apostrof: č', ȟ', k', p', s', š', t'.

Alfabet[endre | endre wikiteksten]

Alfabetet i Standard Lakota Orthography (SLO) er den ortografien som vert nytta av flest skular. Alle bokstavar som består av to teikn (til dømes aŋ, čh og p') vert rekna som eigne bokstavar.

Lakota alphabet
Bokstav Namn på bokstaven Vanleg fonetisk verdi (IPA)
A a a [a]
Aŋ aŋ [ə̃]
B b be [b]
Č č ču [tʃ]
Čh čh čhi [tʃʰ]
Č' č' č'ó [tʃʼ]
E e e [ɛ]
G g gli [ɡ]
Ǧ ǧ ǧu [ʁ] / [ʀ]
H h ha [h]
Ȟ ȟ ȟe [χ]
I i i [ɪ]
Iŋ iŋ [ɪ̃]
K k ku [k]
Kh kh khi [kʰ]
Kȟ kȟ kȟa [kˣ]
K' k' k'o [kʼ]
L l la [l]
M m ma [m]
N n na [n]
O o o [ɔ]
P p pu [p]
Ph ph phi [pʰ]
Pȟ pȟ pȟa [pˣ]
P' p' p'o [pʼ]
S s sa [s]
Š š še [ʃ]
T t tu [t]
Th th thi [tʰ]
Tȟ tȟ tȟa [tˣ]
T' t' t'o [tʼ]
U u u [ʊ]
Uŋ uŋ [ʊ̃]
W w wa [w]
Y y ya [j]
Z z za [z]
Ž ž že [ʒ]
khéze [ʔ]

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Ordstilling[endre | endre wikiteksten]

Lakota er eit SOV-språk. Det tyder at ordstillinga i ei fullstendig setning vanlegvis er subjekt-objekt-predikat (verb), til skilnad frå t.d. norsk, som er eit SVO-språk. Ordstillinga kan likevel verta endra avhengig av fokuset. Objektet vert til dømes ofte flytta først i satsen for å få emfase. Lakota nyttar òg postposisjonar, det vil seia at adposisjonane kjem etter hovudordet. Dette til skilnad frå norsk, som har preposisjonar; adposisjonane kjem før hovudordet.

mazóphiye él – i butikken
mila - med ein kniv

Pronomen[endre | endre wikiteksten]

Sjølvstendige personlege pronomen[endre | endre wikiteksten]

Dei sjølvstendige pronomena vert sjeldan nytta. Når dei vert nytta er det mest for emfase, til dømes som disjunktivt pronomen, eller saman med visse postposisjonar. Ofte vert dei sjølvstendige pronomena nytta når ein seier kva ein heiter, i setningar som 'Eg er han du ville sjå.', 'Eg er mannen som stal bilen din.' og òg uttrykk som 'Det er opp til deg.'[3]

Skilnaden mellom dei to 'vi'-orda er at ein på lakota skil mellom eit 'vi' som inkluderer 'du og eg', det som vert markert med 1 i tabellen nedan, og dessutan eit som inkluderer 'eg og nokon eller nokre andre, men ikkje du', som vert markert med 2.[3] Merk òg at íŋš opptrer som variant av íš.

Norsk Lakota
eg miyé, míš
du niyé, níš
han, ho, det iyé, íš
vi 1 uŋkíye, uŋkíš
vi 2 uŋkíyepi, uŋkíš
dokker niyépi, níš
dei iyépi, íš
Maȟpíya Lúta miyé yeló. - Eg er Raude sky.
Iyépi čha héčhuŋpi! = Det var dei som gjorde det!

Formlære[endre | endre wikiteksten]

Lakota er eit agglutinerande språk og har mange affiks som kan tilpassast til stammen for å skapa nye tydingar av ordet. Det finst til dømes mange instrumentale prefiks for å skapa nye verb.

Verb Tyding
ksÁ å verta avskoren
kaksÁ hogga (med til dømes ei øks)
naksÁ ha sund noko gjennom å trø på det
paksÁ bryta av noko gjennom å trykke på det
waksÁ skjære av noko med ein kniv eller ei sag
woksÁ bryta av noko gjennom kollidering (som å slå, skyte eller hoppe på noko)
yuksÁ vri av noko med hendene eller klippa av med ei saks
yaksÁ bita av noko

Verb[endre | endre wikiteksten]

Verb vert bøygde gjennom at ein legg til affiks til verbet avhengig av kva person verbet står til. Desse affiksa erstattar personlege pronomen. Dynamiske verb er verb som skildrar noko som hender, til dømes ‘gå’, ‘hoppe’ og ‘tygge’, medan statiske verb er verb som skildrar noko som er, til dømes ‘vera sjuk’, ‘vera gammal’, ‘vera tørst’. Dualis finst for første person, men ikkje for andre eller tredje. ∅- tyder at personen ikkje er markert, at han ikkje har eit prefiks og vert attgjeve berre med verbstammen.

máni = å gå
máni = ho/han går
Subjektform Objektform
Sing. Dual. Plur. Sing. Dual. Plur.
1 p. wa- uŋ(k)- uŋ(k)- … -pi ma- uŋ(k)- … -pi
2 p. ya- ya- … -pi de- de- … -pi
3 p. ∅- ∅- … -pi ∅- wičha-

Utover desse finst òg čhi- som eit samansett pronomen med tydinga 'eg … deg' eller med suffikset -pi, 'eg … dykk'. Dualis finst bare i første person.

waŋčhíyaŋke - 'eg ser deg'
slolčhíyapi - 'eg kjenner dykk'

Alle pronomen, i den ordenrekkjefølgja dei kjem og plasseringa dei har, kan lesast av i tabellen nedanfor. Raud farge indikerer at affikset uttrykker subjektet. Understreka affiks indikerer at dei uttrykker objekt og begge indikerer at dei uttrykker begge. Om ruta er tom tyder det at konstruksjonen er umogleg på lakota. I visse ruter finst det tre ulike former; i desse er den første den vanlegaste. Den andre er for visse verb som byrjar på y- og den tredje for visse andre verb som byrjar på y-.[4] Dei pleier kallast for gruppe I, II og III.

Første person dualis og pluralis er uŋ- framfor konsonant og uŋk- framfor vokal. Tredje person plural i objektform, wičha-, vert berre nytta for animate substantiv, det vil seia dyr og menneske. Pronomen for inanimate substantiv gjer ingen skilnad mellom singular og plural, men det framgår oftast av samanhengen eller av at andre ord i satsen vert bøygde.[3]

Subjekt for statiske verb
Sing. Dual. Plur.
1 p. ma- uŋ(k)- uŋ(k)- … -pi
2 p. de- de- … -pi
3 p. ∅- ∅- … -pi

Avlyd[endre | endre wikiteksten]

Lakota har tre såkalla avlydar. Med dette meiner ein at visse verb av og til endrar sluttvokal. Det finst tre ulike avlydar, -a/-aŋ, -e og -iŋ. Eit verb som har ein sluttvokal som kan gjennomgå avlyd vert vist i ei ordbok gjennom at vokalen sluttar på ein versal A, til dømes okáȟdeǧA, 'å forstå'. Den versale A-en står aldri i laupande tekst, men vert nytta berre i ordbøker.

A/Aŋ-avlyd[endre | endre wikiteksten]

A/Aŋ-avlyden er standardavlyden som førekjem overalt der dei øvrige to ikkje førekjem. Om verbet sluttar på -A, som t.d. okáȟdeǧA, vert ordet med A/Aŋ-avlyd okáȟdeǧa. Om verbet sluttar på -Aŋ vert ordet med A/Aŋ-avlyd -aŋ.

E-avlyd[endre | endre wikiteksten]

E-avlyden blir nytta dels der ordet står sist i ei meining og dels om han kjem etter eit ord som styrer E-avlyd. 'Eg forstår' heiter såleis okáȟdeǧe. Orda som styrer E-avlyd er:

  • visse einklitiske ord som ȟča, ȟčiŋ, iŋčhéye, kačháš, kiló, kštó, któ, lakȟa, -la, láȟ, láȟčaka, ló, séčA, sékse, s'eléčheča, so, s'a, s'e, šaŋ, šni og uŋštó.
  • visse konjunksjonar og artiklar som eháŋtaŋš, kiŋ, kiŋháŋ, k'éaš og k'uŋ .
  • visse hjelpeverb som kapíŋ, kiníča (kiníl), -khiyA, kúŋzA, lakA (la), phiča, ši, wačhíŋ, og -yA .

Iŋ-avlyd[endre | endre wikiteksten]

Iŋ-avlyden førekjem berre framfor følgjande ord:

  • ktA (ord som skapar futurumet og mange modusar, mellom anna kondisjonalis)
  • na, naháŋ (og)
  • naíŋš (eller)
  • (vert nytta ved høfleg ønske)
  • yetȟó (vert nytta ved vennskapelege ordrar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ullrich, Jan F.: New Lakota dictionary, Lakota Language Consortium, 2008. ISBN 0-9761-0829-1. 
  2. Ullrich, Jan F.: New Lakota dictionary, Lakota Language Consortium, 2008, s. 696. ISBN 0-9761-0829-1. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Ingham, Bruce: English-Lakota Dictionary, Curzon Press, Richmond, Surrey 2001, s. 14. ISBN 0-7007-1378-6. 
  4. Ingham, Bruce: English-Lakota Dictionary, Curzon Press, Richmond, Surrey 2001, s. 15. ISBN 0-7007-1378-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]