Langhalespottefugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Langhalespottefugl
Langhalespottefugl Foto: DickDaniels
Langhalespottefugl
Foto: DickDaniels
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Langhalespottefugl
Utbreiinga av Langhalespottefugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Spottefuglar Mimidae
Slekt: Mimus
Art: Langhalespottefugl M. longicaudatus
Vitskapleg namn
Mimus longicaudatus

Langhalespottefugl (Mimus longicaudatus) er ein av dei typiske spottefuglane i den biologiske slekta Mimus. Arten lever langs stillehavskysten i Ecuador og Peru i Sør-Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne spottefuglen er den største arten i slekta Mimus, opptil 29,5 centimeter og han veg i gjennomsnitt opp mot 70 gram. I hovudsak er fjørdrakta brungrå, fjørene er mørkare inn mot fjørskafta og drakta kan derfor ha et strekete preg. Dei har ei tydeleg lys augebrynstripe og ei lang mørk augestripe bak mot ein svart lapp, kinn og strupe er lyse òg er delt av ei markert mørk mustajestripe. Halen er særs lang og halefjørene, unntatt dei sentrale fjørene, har kvit tupp. Buken blir gradvis lysare mot undergumpen. Både beina og nebbet er mørke. Underartane varierer litt i storleik, M. l. albogriseus i sørvestre Ecuador er lysare og langt meir grå enn nominatforma.[1]

Songen er høg og langvarig utan spesielle karakteristikkar. I motsetnad til mange andre i denne familien er ikkje langhalespottefuglen kjent for å herme.[1]

Utbreiingsområdet er frå Manabíprovinsen i Ecuador sørover på ei stripe langs kysten til og med Ica-regionen og inn i Arequipa i Peru. Innover i Marañón-dalen i La Libertad-regionen hekkar han opptil 2450 moh. Dette er tørre område med kratt eller sparsam vegetasjon eller kystørken. Han kan treffast i oppdyrka jordbruksområde. Langhalespottefuglen er altetande og et frukt og bær og virvellause dyr, inkludert marine artar.[1]

Santa Elena-halvøya i Ecuador varar hekkesesongen frå desember til juli. Kvart kull er på 3 eller 4 egg, 3-4 egg, rugetida er nær 2 veker og ungane er i reiret i ytterlegare 2 veker.[1]

Korkje storleiken på populasjonen eller utviklingstrenden til langhalespottefuglen er estimert, men arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Cody, M. (2017) Long-tailed Mockingbird (Mimus longicaudatus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 22. februar 2017
  2. BirdLife International (2017) Species factsheet: Mimus longicaudatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 22. februar 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Langhalespottefugl