Børgefjell nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Børgefjell nasjonalpark
nasjonalpark
Område Nordland, Nord-Trøndelag
Areal 265 km²
Oppretta 1963
 - Utvida 1971 og 2003

Børgefjell nasjonalpark er ein nasjonalpark som omfattar land i kommunane Grane, Hattfjelldal, Røyrvik og Namsskogan i Nordland og Nord-Trøndelag fylke. Nasjonalparken vart oppretta i 1963 og utvida i 1971 og 2003.

Vern og bruk[endre | endre wikiteksten]

Formålet med vernet av nasjonalparken er å ta vare på trua og sårbare artar, mellom dei fjellreven, og å ta vare på geologiske forekomstar og kulturminne.

Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift.

Området er ikkje tilrettelagt for friluftsliv. Statskog og jeger- og fiskarforeiningane i området har nokre hyttar det let seg gjere å leige. Leirskolen Børgefjellskolen ligg i utkanten av parken, på vestsida.

Turmål[endre | endre wikiteksten]

Vil ein gå tur i Børgefjellet, kan ein ta toget til Majavatn eller Trofors. Frå Trofors går av og til buss til Børgefjellskolen i Fiplingdalen. Frå Børgefjellskolen er det ein kort ettermiddagstur til Simskardhytta, ei open hytte som Statskog har. Hytta ligg ved grensa til nasjonalparken. Statskog har nokre opne hytter inne i parken òg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]