Lars Hjellbakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Hjellbakk
Fødd 16. mai 1889
Død

1. mai 1976

Yrke musikar

Lars Hjellbakk (16. mai 18891. mai 1976) var ein gardbrukar, felemakar, orgelbyggjar, treskjerar, spelemann og slåttekomponist frå Hornindal kommune i Sogn og Fjordane.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lars Hjellbakk var odelsgut, fødd og oppvaksen på garden Hjellbakk i Hornindal. Foreldra var Ola Rasmus Larsson Hjellbakk (1852–1938) og Samulina A. Hjellbakk (f. Seljeset, 1867–1942). Felespelaren Samuline Seljeset var oldemor til Lars Hjellbakk. Hjellbakk budde på Hornindal kommune i Nordfjord. Han hadde to brør, Andreas og Jens. Hjellbakk var ugift.

Felemakar og spelemann[endre | endre wikiteksten]

Lars Hjellbakk byrja med å spele vanleg fele, og etter kvart tok han til å spele hardingfele. Den fyrste læremeisteren hans var næraste naboen, Ole «Spelar-Ola» Olsen Hjellbakk (1850-1936). Lars Hjellbakk byrja i lære 20 år gamal. Seinare gjekk han i lære hjå Lars Tomasgård d.e. Dessutan lærte Hjellbakk slåttar av brørne Ivar og Ola Kjellstad i Sunnylven.

Hjellbakk var ein svært sentral personlegdom når det gjaldt bygdemusikk og felespel i Hornindal, og han var ein sentral tradisjonsberar av folkemusikk. Han byrja å lage feler i 1917, og laga om lag 80 hardingfeler.

Lars Hjellbakk var ein stor slåttekomponist, og han komponerte mange runddansslåttar. Då han vart kjend med Gabriel Reed fekk Hjellbakk lære notar. Då Hornindal spelemannslag vart skipa i 1960, vart Lars Hjellbakk læremeister dei fyrste åra. Han var aktiv i spelemannslaget til han var over 80 år, og heidersmedlem i spelemannslaget frå 1967.

Musikalsk ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Både Honndalstausene og Britt Pernille Frøholm nemner Lars Hjellbakk som ei stor inspirasjonskjelde.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1967 vart Lars Hjellbakk tildelt Kongens Fortenestemedalje i sølv for sitt arbeid for folkemusikken. I 1980 heidra heimbygda Hornindal han dessutan med ei minnestøtte, som står i kommunesenteret Grodås.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]