Lars Martin Kaupang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Martin Kaupang
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. august 1952
Larvik
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Lars Martin Kaupang (fødd 18. august 1952) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar og idrettsleiar frå Larvik. Han var president i Norges Fri-idrettsforbund frå 1986 til 1997, og medlem i Noregs olympiske komité i tida 1990 til 1994. Kaupang, som representerte Larvik Turn, hadde den norske rekorden på 1500 meter i 36 år, sett på Bislett i 1976.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kaupang byrja nærme seg den norske eliten av mellomdistanseløparar då han under eit stemne på Bislett stadion i Oslo i august 1973 kom i mål på tida 3.45,1. Den 4. juli 1974 sette han personleg rekord med 3.41,6, einast brørne Arne og Knut Kvalheim hadde betre årsbeste på distansen. Under noregsmeisterskapen 1974 overraska Kaupang ved å vinne 1500 m klart føre Arne Kvalheim. I 1975 forbetra Kaupang den personlege rekorden til 3.41,0 og var bestemann i landet, noko han også prova då han forsvarte NM-tittelen.

I mai 1976 forbetra Kaupang bestetida si på 1500 m med tre tidels sekund, til 3.40,7, og han sprang for fyrste og einaste gong under 1.50 på 800 meter då han fekk notert 1.49,8 på Bislett stadion. Den 30. juni 1976 gjorde han sitt livs løp på 1500 m under Bislettleikane. Her vart han nummer tre med tida 3.37,4, norsk rekord med 1,1 sekund i høve til Arne Kvalheims gamle rekord. Også Knut Kvalheim kom med sine 3.38,1 i same løpet under den gamle rekorden. Kaupang deltok i Sommar-OL i Montreal, der han rauk ut allereie etter eit av forsøksfelta.

Kaupang var aldri sidan i nærleiken av sin eigen 1500-metersrekord og la opp som aktiv etter 1978-sesongen. Rekorden hans vart ståande i 36 år, fyrst då Henrik Ingebrigtsen 29. april 2012 presterte 3.36,3 i Palo Alto i California forsvann han or rekordlista.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1974: Gullmedalje på 1500 m – 3.44,2, framom Arne Kvalheim (3,45,7)
  • 1975: Gullmedalje på 1500 m – 3.44,2, framom Arne Kvalheim (3,45,9)
  • 1976: Gullmedalje på 1500 m – 3.45,8, framom Thor Høydal (3.47,0)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]