Lars Rasmussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Rasmussen
Fødd25. september 1861
Død24. september 1922
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Lars Rasmussen (25. september 186124. september 1922) var ein handelsmann, fabrikkeigar og næringsdrivande i sagbruk og trelast. Rasmussen, som var frå Sand i Ryfylke, var også stortingsmann for Venstre.

Rasmussen var son til ein næringsdrivar med mange ulike syssel. Sjølv tok han fyrst middelskuleeksamen frå Kongsgårds skule i Stavanger i 1879. Same året vende han tilbake til Sand og byrja i faren si verksemd. Han fekk omgåande styreplass i den lokale sparebanken, seinare var han sjef for banken (styreformann). Med åra var han både handelsmann, trelasthandlar, samt eigar og drivar av både sagbruk og ein tønnefabrikk.

Rasmussen kom med i heradsstyret i Sand i 1890 og var ordførar frå 1894 til 1901. Han var medlem av amtsutvalet i fleire år, og ein sentral medlem i nemnda som arbeidde for å få bygt jarnbane til Vestlandet.

Rasmussen var Ryfylke krins sin representant på Stortinget 1906-09 og 1913-15. Begge periodane var han medlem av Lagtinget og vegkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]