Larveetarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Larveetarar


Maskelarveetar Coracina novaehollandiae
Maskelarveetar
Coracina novaehollandiae

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Campephagidae
Slekter

Larveetarar utgjer den biologiske familien Campephagidae av små til mellomstore, vanlegvis lange og slanke fugleartar i subtropisk og tropisk Afrika, Asia og Australia.

Namnet 'larveetarar' er avleidd frå kosthaldet, dei et gjerne store hårete sommarfugllarver. Det engelske namnet 'Cuckooshrike' kan kome av at nokre av artane ber ein overflatisk likskap med gaukar, og har ei tilsvarande bølgjande flyging.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Dei om lag 80 artane er funne i seks slekter som omfattar fire ulike grupper, 'verkelege' larveetarar (slektene Campephaga, Coracina og Campochaera), trillefuglar (Lalage), mønjefuglar (Pericrocotus) og flugeetarar (Hemipus).

Ein trur no at larveetarar er nært knytt til pirolar, Oriolidae, sjølv om dei syner sterke fråvik i nokre morfologiske kjenneteikn, som skallemorfologi og ordning av vengefjør.

Oskefuglar, Tephrodornis, var tidlegare ofte lagt til denne familien, men er i dag lista saman med hjelmvarslarar. Ei anna slekt, Chlamydochaera, med éin art, fruktplukkar, vart ofte plassert i denne familien, men har no vist seg å vere ein trast i familien Turdidae.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Larveetarar er hovudsakleg grå med kvitt og svart, jamvel om mønjefuglar har sterke fargar i raudt, gult og svart, og asurlarveetar i sentrale Afrika alt i alt er skinnande blå. Dei fire larveetarane i slekta Campephaga syner kjønnsdimorfisme, med hannfuglar som har skinnande svart fjørdrakt og raude eller gule hudlappar, hoene har meir dempa olivengrøn fjørdrakt.[1] Slekta Coracina er ikkje monofyletisk.[2]

Av alle 82 artar larveetarar, er dei fleste skogsfuglar. Nokre artar avgrensa til primærskog, som brungumplarveetar. Andre er i stand til å bruke meir kultivert skog. Rundt elleve artar brukar mykje meir opne habitat, ein australsk art, som bakkelarveetar er funne på opne sletter og i krattskog med få tre.

'Verkelege' larveetarar finst vanlegvis einskildvis, i par, og i små familiegrupper, medan mønjefuglar og flugeetarar oftare dannar små flokkar. Det er ein monaleg variasjon innan familien som heilskap når det gjeld lydytringar, nokre syng særs sjeldan og andre, hovudsakleg mønjefuglar, er mykje vokale.

Desse er i hovudsak insektetande, og vil ta store hårete sommarfugllarver. Dei har òg vorte registrert små virveldyr, og litt frukt, frø og anna plantemateriale i føda.[1]

Ein har ikkje studert forplantingsbiologien hos alle artar i familien. Artane som er studerte er territoriale, hos dei av desse artane som er standfuglar vil fuglane verne territoriet året rundt. Larveetarar er monogame, med parforhold som tilsynelatande er varig gjennom heile året. Berre éin førekomst av ikkje-monogam forplanting har vore registrert, ein førekomst av polygyni hos kvitvengtrillefugl i Australia, der ein hann hjelpte to hoer med mat til ungar. Fleire artar av larveetarar driv samarbeidande hekking. Omkring fire kvitflekte, grøne eller blå egg blir lagt i eit koppforma reir i eit tre. Rugetida er to veker.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Larveetarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Clancey, P.A. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 176. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Knud A. Jønsson, Martin Irestedt, Jerome Fuchs, Per G.P. Ericson, Les Christidis, Rauri C.K. Bowie, Janette A. Norman, Eric Pasquet, Jon Fjeldsa (2008) Explosive avian radiations and multi-directional dispersal across Wallacea: Evidence from the Campephagidae and other Crown Corvida (Aves) Molecular Phylogenetics and Evolution 47:221–236
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]