Lauskarlåtten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lauskarlåtten, òg kjend under namnet Danse lauskar og gå fri, er ein springar på nedstilt bass, mykje nytta i Hallingdal og Valdres. I Valdres finst slåtten i tradisjon etter Bendik i Nøen, medan kjelda i Hallingdal er Ola Dekko. Her heiter slåtten ofte Vesle-Dekken, etter son av Ola Dekko, Ola Dekko den yngre.

Slåtten er òg funnen i Vik i Sogn, der han heiter Semjarslåtten eller Hatletusken.

Stev[endre | endre wikiteksten]

Det mest kjende stevet til slåtten slik han er spela i Hallingdal og Valdres går slik:

Danse lauskar og gå fri
det går då an på ein måte
det går då an for ei liti rid
så får det sakti stå rå te.

I Sogn finst stevet i denne forma:

Å Ha du vore i Hatleli
og lagt på lur etter jentor?
Nei, eg ha vore i Krokeli
og lagt på lur ett` ho Eli.

Både slåttenamn og stev knyter slåtten til tradisjonar for frieri.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har variantnummer 492, band VI i Hardingfeleverket. To former er frå Hallingdal, to frå Vik i Sogn og to frå Valdres. Attåt desse finst det dokumentert ei form frå Flå ved Truls Ørpen. Ulrik Jensestogun spela og ei form på vanleg oppstilt bass som ikkje er teken med her. Denne forma er seinare spela inn av Håkon Asheim og teken opp att i seinare år av yngre spelemenn i Valdres.