Lazar Kaganovitsj
Lazar Kaganovitsj | |
![]() | |
Fødd | 10. november 1893 Dibrova |
---|---|
Død | 25. juli 1991 (97 år) |
Statsborgar av | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Parti | Sovjetunionens kommunistiske parti |
Yrke | statsmann, revolusjonær, politikar |
Medlem | Politbyrået i Sovjetunionen Den allrussiske sentrale eksekutivkomité |
Alle verv |
Lazar Moisejevitsj Kaganovitsj[a] (fødd 22. november 1893 i Kabany nær Kiev, død 25. juli 1991 i Moskva) var ein sovjetisk politikar. Han fekk tilnamnet «Jern-Lazar». Kaganovitsj var fyrstesekretær i kommunistpartiet i Ukraina frå 1925 til 1928. Han bidrog aktivt i tvangskollektiviseringa av jordbruket, noko som førte til ei hungersnaud der millionar av menneske døydde.
Han støtta Josef Stalin sitt kandidatur til å verte sovjetisk leiar under maktkampen etter at Vladimir Lenin var død. Mellom anna juksa Kaganovitsj i valet av ny generalsekretær under partikongressen i 1934[treng kjelde]. Kaganovitsj var ein av dei fem mest tiltrudde medarbeidarane til Josef Stalin fram til slutten av utreinskingane mot slutten av 1930-talet, men hadde viktige posisjonar i Politbyrået heilt til Stalin døydde. I 1957 vart han fråteken alle verv i partiet, mistenkt for å drive fraksjonsverksemd, før han i 1961 vart ekskludert som ein hardnakka stalinist. Han døydde like før Sovjetunionen formelt vart oppløyst i 1991.
Merknadar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Russisk skrift Ла́зарь Моисе́евич Кагано́вич
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Lazar Moisejevitsj Kaganovitsj» på SNL.no, innhenta 19. april 2020.
- «Lazar Kaganovitsj» på Caplex.no, innhenta 26. november 2009.
- «Lazar Kaganovitsj» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 26. november 2009.