Ledbergsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein fotomonstasje som syner de tre sidene av Ledbergsteinen (Ledbergsstenen) som har ristningar: framsida til venstre, baksida til høgre, og i midten den høgre smalsida.

Ledbergsteinen er ein bilet- og runestein, òg kalla Ög 181 etter nummeret i det svenske registeret over runeinnskrifter, som står på nordsida av Ledbergs kyrkje i Linköpings kommun i Östergötland i Sverige. Steinen er av granitt, 287 cm høg, mellom 55 og 95 cm brei og 40 cm tjukk, og står ikkje på sin opphavlege plass. Han vart funnen inne i kyrkjeveggen på dem gamle Ledberg kyrkje frå mellomalderen då kyrkja vart rive ned, og difor er det ukjend kvar han har stått.

Ristningane på steinen[endre | endre wikiteksten]

På den eine smalsida er det rista inn ein kross med ornament, på den andre smalsida er dei inga ristning. Runeinnskriften er rista inn langs eine randen av båe breisidene, der det òg er rista inn bilete av menn, firbeinte dyr og eit skip.

Runesinnskrifta er skadd nokre stader; oppmålinga av bileta og runene er av moderne dato. Teksten er tolka og omsett til moderne svensk på denne måten:

Side A - «Bisse satte sten denna efter Torgöt ..., fader
Side B - sin, de båda (Bisse) och Gunna (satte stenen). Tistel, mistel, kistel

Etter ei tidlegare tolking av runeteksten gjekk ein ut frå at Torgöt hadde døydd under slaget på Stiklestad i Noreg i året 1030, då eit av orda vart tolka som folkegruppa trønder, og dette dessutan høvde med den tidfestinga av steinen som var gjort. Men denne tolkinga har synt seg å vere uhaldbar.

Ordsamansetninga «tistel, mistel, kistel», som tyder 'tistel, misteltein, lita kiste', finst i tekstar på andre runesteinar òg, og ser ut til å vere eit slags fast formular som har hatt ei vanleg kjend meining i si tid. Både tistel og mistelstein er planter som det har vore knytt mange slags krafter og verknader til i folketrua og mytologien. Det var til dømes ein mistelteinpil som tok livet av guden Balder ifylgje den norrøne gudelæra. Då runesteinane er minnesteinar over avlidne, og soleis kan ha hatt samanheng med myten om drapet på guden Balder, er det tenkjeleg at desse tre orda har synt til ei myte som gav dei meining i teksten på slike steinar. Men av di ein i våre dagar ikkje veit kva som var meininga med desse tre orda, nyttar ein den enkle løysinga å tolke dei som magi, trolldomsord, verneord eller liknande.