Leif Reinhardt Natvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Reinhardt Natvig
Fødd8. mars 1894
Oslo
Død14. november 1975
NasjonalitetNoreg
Områdebiller, stikkmygg, Tabanidae, bremsar
Yrkeentomolog

Leif Reinhardt Natvig (8. mars 189414. november 1975) var ein norsk entomolog frå Oslo. Han var 50 år knytt til Zoologisk museum ved Universitetet i Oslo, der han spesialiserte seg på studiet av blodsugande og helseskadelege insekt og midd, særleg nordiske stikkemyggar av familien Culicidae.

Natvig var son til ein lækjar. I 1914 fekk jobben som privatassistent for professor N.J.T. Odhner ved Zoologisk museum og i 1916 konservator-stilling ved insektavdelinga. Han tok bifagseksamen i zoologi i 1922, og utdanna seg vidare i eksotisk patologi og medisinsk parasittologi ved Institut für Schiffs- und Tropenkrankheiten i Hamburg åra 1927-28, 1933 og 1938. Frå 1949 var han styrar av Zoologisk Museum til han vart pensjonert i 1964.

Natvig var formann i Norsk entomologisk forening 1937-50 og redaktør av foreininga sitt tidsskrift frå 1954.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]