Paringsspelet leik
Paringsspelet leik[1] er ei åtferd i tida rett før paring, funne blant somme dyreartar, men mest utbreidd blant fuglar. I leiken samlast hannar som freistar å kjempe om gode territorium og utfører konkurrerande oppvisningar for å lokke vitjande hoer som kjem til for å kartlegge potensielle partnarar å pare seg med.[2] Ein leik kan òg indikere ein tilgjengeleg plass som nyttast av hannar for å forsvare sin eigen del av territoriet for hekkesesongen. Ein leikart er prega av mannlege oppvisningar, og hoer som i sterkast grad avgjer partnarvalet. Kjønnsrollene gjev indirekte føremon til hannane og reduserer kostnadar til hoene. Sjølv om åtferda er mest utbreidd blant fuglar som tiur og orrfugl, finst leik òg i eit breitt spekter av virveldyr, inkludert beinfiskar, amfibium, krypdyr og pattedyr, samt leddyr inkludert krepsdyr og insekt.
Spesielt hannar av mange artar utviklar ei kortvarig leikdrakt som skil kjønna i utsjånad, eigenskapen er sterkt utprega hos til dømes brushane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå innleinga av «Lek mating» frå Wikipedia på engelsk, den 8. oktober 2022
- «leik» i Store norske leksikon, snl.no.
- Referansar
- ↑ «leik» i Nynorskordboka.
- ↑ Fiske, P.; Rintamaki, P. T.; Karvonen, E. (1998). «Mating success in lekking males: a meta-analysis». Behavioral Ecology 9 (4): 328–338. doi:10.1093/beheco/9.4.328.