Brushane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brushane

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga

Philomachus pugnax (Marek Szczepanek).jpg

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Scolopacidae
Slekt: Calidris
Vitskapleg namn
Calidris pugnax

Brushane (Calidris pugnax) er ein vadefugl i snipefamilien. Lengda er 20–32 cm, vingespennet er 46–58 cm. Han er større enn ein raudstilk; høna er mindre. Vårhannen er fleirfarga, med issetoppar og overdådig, brushanefjørkrage; om vinteren har han lyst, dust streka hovud. Hoa er gråbrun med grove mørke flekkar; haustjuvenilen er markert skjelmønstra i gulbrunt oppå, og okergul under med olivengule bein. Dei har eit tynt kvitt vingeband og ein oval kvit flekk på kvar sida av overgumpen. Brushanen er som regel taus.

Arten var tidlegare einaste medlemmen i den biologiske slekta Philomachus.[1]

Utbreiding[endre | endre wikiteksten]

Brushanen hekkar lokalt i Nord- og Nordvest-Europa som trekkjer regelmessig over heile Europa.

Brushanen er ein trekkfugl. Dei første hannane reiser i slutten av juni medan hovudtrekket for hoer og ungfuglar er i august-september. Fuglane kjem tilbake til hekkeplassen i mai etter å ha overvintra i Afrika.

Årets fugl[endre | endre wikiteksten]

Norsk ornitologisk foreining har i 2009 peika ut brushane som «årets fugl».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]