Leinstrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om ein tidlegare kommune i Sør-Trøndelag. Ser du etter Leinstrand på Leinøya i Herøy på Sunnmøre, sjå Fosnavåg/Leinstrand.

Leinstrand er ein tidlegare heradskommune i Sør-Trøndelag, oppretta i 1837. Den blei 1. januar 1964 innlemma i storkommunen Trondheim saman med heradskommunane Byneset, Strinda og Tiller. Leinstrand omfatta områda nord for Gaulosen og store delar av Byåsen austover til stasjonsbyen Heimdal som var delt mellom Leinstrand og Tiller.

Første del av namnet kjem av norr. hlein med tydinga "halling, skråning" (jf. lein i nynorsk).

Ved samanslåinga hadde heradet eit areal på 45,74 kvadratkilometer og 4193 innbyggjarar.

Leinstrand er mest kjend for Gaulosen, elva Gaula sitt mektige delta. Dette er eit av dei få større deltaområde i Noreg som ikkje er bebygd, og det er difor eit naturreservat.

Lisbet Nypan, den nest siste i Noreg som blei avretta for trolldom då ho blei brend på heksebål i 1670, var bondekone frå Leinstrand.

På Leinstrand ligg Skjetlein vidaregåande skule, der det har vore gardsdrift i fleire hundre år, før her vart oppretta ein landbruksskule i 1900. Skulen har no om lag 100 elevar. Skulen har internat. På Leinstrand ligg også barneskulen Nypvang, der elevar frå både Leinstrand og Ringvål går. Ungdomskuletrinnet blir bussa opp til SpongdalByneset.