Leirbergart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Leirbergartar er bergartar som består av leire og blandingar av leire og organisk material eller kalk (restar av dyr og plantar) i meir eller mindre herda tilstand. Når leire vert omdanna ved høgare trykk og temperatur, får ein først skiferleire eller leirstein, der leirminerala er bevarte, men plastisiteten er forsvunne. Når leirminerala vert omkrystallisert, får ein leirskifer, vidare leirglimmerskifer eller fyllitt. Takskifer er ein fyllitt som spaltar i tynne, sterke flak. Griffelskifer er ein leirskifer som har to spalteretningar som er omtrent like kraftige, slik at han sprekk opp i lange, tynne stykke. Alunskifer er ein leirbergart med høgt innhald av karbon og tunge metall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]