Leirtrast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leirtrast

Status i verda: LC Livskraftig

Frå Garita, Alajuela, Costa Rica Foto: Greg Gilbert
Frå Garita, Alajuela, Costa Rica
Foto: Greg Gilbert
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Turdidae
Slekt: Turdus
Art: T. grayi
Namn på andre språk
  • Engelsk: Clay-colored Thrush
    • Bokmål: Leirtrost
  • Vitskapleg namn
    Turdus grayi

    Leirtrast (Turdus grayi) er ein fugl i trastefamilien.

    Utbreiinga er frå Nord-Colombia, gjennom Mellom-Amerika inkludert austlege Mexico og litt inn i den absolutt sørlegaste delen av staten Texas i USA. Dette er nasjonalfuglen i Costa Rica, der han er godt kjent som yigüirro.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Generell er dette ein nokså einsfarga brun trast som liknar andre i slekta som til dømes hofuglar av svarttrast i Eurasia, men med bleikare nebb. Han har omtrent same kroppslengd eller litt mindre: 23-27 centimeter, og veg 74-76 gram i gjennomsnitt. Nebbet er svakt farga gulgrønt med mørk base mot nebbrota. Beina er rosa eller hudfarga, og iris er raudbrun. Fjørdrakta er litt lysare under enn over, lysast på flankane. Strupen er svakt stripa. Ungfuglar har svak marmorering på undergumpen.

    Songen er sett saman av mange ulike, utydelege, men musikalske uttrykk som ofte blir tatt opp att uregelmessig.

    I store delar av utbreiingsområdet sitt er han kjent i gardsrom og hagar, i likskap med andre trastar som vandretrast, svarttrast og måltrast. I 1977 valde Costa Rica yigüirro som eit nasjonalt symbol, trass i at mange andre artar i landet er mykje meir fargerike fuglar. Han blei valt på grunn av den sterke og melodiøse songen som alltid tar til i byrjinga av regntida. I tillegg, i motsetnad til mange av songfuglar i Costa Rica, har han vore kjent blant folkesetnaden sidan den tidlege historia i landet, takka vera tendensen til å leve i nærleiken av hus og busetjingar.[1]

    Leirtrasten sin vanlegaste føde er frukt[2] eller virvellause dyr på eller nær bakken, einskildvis eller i par, men flokkar kan beite høgt i frukttre. Dei kan følgje vandremaur for å beita på små byttedyr som blir forstyrra av maurkolonnar.

    Han byggjer ei kraftige, koppforma reir av gras, mose, fjører, blad og gjørme på eit fast fundament over bakken, som til dømes kan vere menneskelege konstruksjonar som glaskarmar. Mellom mars og juli legg hoa to til fire lyseblå egg med raudbrune og grå markeringar, og paret kan få to kull. Dei er aggressive når dei vernar reiret, og har vore kjent for å mobbe rovfuglar så store som kongeørn, men elles er dei ikkje særleg territoriale. Aggressiv åtferd mot eggparasittar kan forklare kvifor dei ikkje har utvikla fullkomen evne til å kjenne att framande parasittiske egg. Leirtrasten er ein av berre svært få fugleartar som delvis kastar ut egg, berre ca. 25 % av individa oppdagar og kastar ut parasittiske egg lagt av bronsetrupialar.[3]

    Storleiken på populasjonen er ikkje kjent og er trudd å vere aukande. Arten er klassifisert som livskraftig.[4]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. «Simbolos Patrios: El Yigüirro» [National Symbols: The Clay-coloured thrush]. Museos de Costa Rica (på Spanish). Museos de Costa Rica. Henta 10. februar 2016.  External link in |website= (hjelp)
    2. Foster, M. S. (2007). «The potential of fruiting trees to enhance converted habitats for migrating birds in southern Mexico». Bird Conservation International (BirdLife International) 17 (1): 45–61. doi:10.1017/S0959270906000554. 
    3. Rasmussen, J.; Sealy, S. G.; Elliott, M. F.; Elliott, K. H. (2012). «Infrequent ejection of artificial Bronzed Cowbird (Molothrus aeneus) eggs by the Clay-colored Thrush (Turdus grayi) in Costa Rica». Ornitologia Neotropical 23 (1): 33. Henta 5 August 2015. 
    4. BirdLife International (2015)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Leirtrast