Lene Ask

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lene Ask
Fødd 4. august 1974
Yrke illustratør, teikneserieskapar

Lene Ask (fødd 4. august 1974) er ein norsk fotograf, illustratør, teikneserieskapar og barnebokforfattar.

Ho er utdanna frå Kunsthøgskulen i Bergen, Universitetet i Praha, Universitetet i Bergen og Rogaland kunstskole.

Ask debuterte med teikneserieromanen Hitler, Jesus og farfar om ei ung jente frå sørvestlandet som reiser til Tyskland på jakt etter ein farfar som ho aldri har møtt. Ho vann Sproingprisens debutpris og Kultur- og teikneserieprisen til kyrkjedepartementet 2006 for denne. Boka vart òg vald til Stavanger bibliotek sitt leseprosjekt Hele Rogaland leser i 2011 og trykket opp i 50 000 eksemplar.

Tegneserieboka Kjære Rikard (2014) vart til etter at Ask fann ei brevsamling i Misjonsarkivet i Stavanger. Med utgangspunkt i breva fortel ho den sanne historia om Rikard Jakobsen, misjonærsonen som vart fødd på Madagaskar i 1875.[1]

I tillegg til å illustrera eigne bøker har ho òg illustrert andres, blant anna bøkane av Andrea Bræin Hovig, om Ville Wilma.

Ho har fleire høve vore gjest på Raptus teikneseriefestival, seinast i 2014.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: Hitler, Jesus og farfar – tegneserieroman, Jippi forlag
  • 2008: Familien Rotle flytter – billedbok, Gyldendal
  • 2009: Da jeg reddet verden – historier for voksne i tegneserieformat Jippi forlag
  • 2009: Familien Rotle på museum – billedbok, Gyldendal
  • 2010: Familien Rotle besøker mormor – billedbok, Gyldendal
  • 2011: Jo og Jenny i svømmehallen – billedbok, Gyldendal
  • 2012: Neste gang blir alt riktig – tegneserieroman, Jippi forlag
  • 2012: Jo og Jenny på sykehuset – billedbok, Gyldendal
  • 2013: Jo og Jenny feirer bursdag – billedbok, Gyldendal
  • 2014: Jo får en venn – billedbok, Gyldendal
  • 2014: Kjære Rikard – tegneserieroman, No Comprendo Press
  • 2015: D for tiger – barnebok, sammen med Mari Kanstad Johnsen, Gyldendal
  • 2016: Det hjelper ikke å blunke – ungdomsroman, Gyldendal
  • 2016: Du – ordløs billedbok, Gyldendal
  • 2017: Det du ikke sier, er sant – ungdomsbok, Gyldendal

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lene Ask. «Kjære Rikard». No Comprendo Press (2014) (norsk). Arkivert frå originalen 2017-09-18. Henta 8. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]