Lepra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lepra
Leprosy.jpg
Norsk mann med lepra fotografert i 1886.
spedalsksjuke, spillsjuke, Hansens sjukdom
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode: 030
ICD-10-kode: A30
OMIM 246300
DiseasesDB 8478
MedlinePlus 001347
eMedicine med/1281 derm/223

Lepra eller spedalsksjuke er ein kronisk infeksjonssjukdom forårsaka av bakterien Mycobacterium leprae, som er i slekt med tuberkulosebakterien. Bakterien blei påvist første gong i huda til leprapasientar av den norske legen Gerhard Armauer Hansen i 1873.

Sjukdomen kan påverka pasientar på ulik måte, men er i regelen prega av åtak på hud og perifere nervar. Symptoma kjem i hovudsak av immunsystemet sitt forsøk på å nedkjempa bakterien. Mangfaldet i det kliniske biletet speglar i stor grad styrken på immunsvaret pasienten er i stand til å mobilisera mot leprabasillane.

Namn og omdøme[endre | endre wikiteksten]

Ordet «lepra», som blei brukt i norrønt, er avleidd frå gresk lepros som tyder 'skabbete' eller 'skjeldekt'.[1] Ordet «spedalsk» kjem frå lågtysk og er avleidd av spit(t)al som kjem frå hospital.[2] Andre norske namn på spedalsksjuke er «spillsykja».[3] I mange land blir lepra kalla «Hansens sjukdom» som kan vera eit mindre stigmatiserande namn.[4]

Bibelen nemner spedalske og spedalsksjuke fleire gonger, særleg i Mosebøkene. Dette er eigentleg eit ord som viser til ulike hudsjukdomar, ikkje nødvendigvis den eine sjukdomen som i dag er kjend som spedalsksjuke.[5] Lepra var i nokre høve rekna som ei straff frå Gud, og har i alle høve vore svært stigmatiserande.[6]

Sjukdomsforløp[endre | endre wikiteksten]

Gut med lyse flekker som følgje av lepra.
Leprasår i huda.
Røntgenbilde av hendene til ein leprapasient som er blitt forkrøpla som følgje av sjukdommen.

Leprabakterien lever i huda og dei perifere nervane til menneske. Smitte med lepra skjer mest truleg gjennom dropeinfeksjon frå luftvegane til ein pasient til luftvegane hjå ein annan, eller gjennom hudkontakt. Bakterien veks seint, og sjukdomen har ei særs lang inkubasjonstid. Det går gjerne fleire år frå ein person blir smitta til sjukdomen viser seg. Mange kan vera smitta utan å utvikla lepra. Desse kan rimelegvis lett gje smitte til andre.[7] Leprabasillen kan halda seg i live ganske lenge utanfor menneskekroppen.[8] Armadilloar kan også vera smitteberarar.[9] Berre menneske blir råka av sjukdomen.[10] Det verker også som om berre menneske med visse arveanlegg utviklar lepra.[9]

Lepra kan gje ulike hudendringar. Eit vanleg funn er pigmentfattige, skarpt avgrensa område med nedsett kjensle. Andre pasientar har knutar eller hudutvekstar i huda. Desse vil ofte innehalda ei stor mengd bakteriar. Hjå mange pasientar (ca. 75 %) lækjer utslettet seg sjølv, og sjukdomen utviklar seg ikkje vidare.[11]

Åtak på nervar til armar, bein eller andlet kan føra til lammingar og kjenslelause hudområde. Denne mangelen på kjensle kan lett medføra sår i huda og deretter infeksjonar med bakteriar som stafylokokkar og streptokokkar.Desse infeksjonane kan føra til forkorting og forkrøpling av lemmar ved at brusk blir teke opp att i kroppen, eller til at infiserte kroppsdelar fell av.[12][12][13][13][14]

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Sidan sjukdomen kan uttrykkja seg på svært ulike måtar, har ein i praksis ofte delt inn pasientar i ulike grupper basert på symptom og bakteriemengd i huda. Pasientar med få bakteriar og få lesjonar blir klassifisert som å ha tuberkuloid lepra. Pasientar med store bakteriemengder i huda og utbreidd sjukdom har lepromatøs lepra. Ei stor mellomgruppe blir klassifisert som borderline lepra. Ei enklare inndeling er å berre skilja mellom pasientar som har få og pasienter som har mange bakteriar.

Behandling og førebygging[endre | endre wikiteksten]

I dag kan sjukdomen behandlast effektivt med to eller tre medikament over 6-12 månader. Dei viktigaste medikamenta er rifampicin, dapson og clofazimin. Det er viktig at pasienten ikkje utviklar nerveskadar før og under behandlinga. Nerveskadar blir snøgt permanente, og kan ikkje hjelpast av medikament. Betennelsar i nerver må derfor dempast snøggast råd, gjerne med kortikosteroidar i ein lengre periode.[7]

Det finst ingen vaksine utvikla spesielt mot lepra, men BCG har ein viss effekt. Ved sjukdomsteikn er det viktig med ein snar diagnose og behandling. For å unngå komplikasjonar må behandlinga gjennomførast utan avvik, og teikn til nervebetennelse må behandlast. Ved slik behandling kan ein pasient unngå følgjetilstandar som lamming som tidlegare var tett knytt til lepra.[7]

Sjukdomen kan førebyggjast med god hygiene og kosthald. Proteinmangel som følgje av underernæring kan føra til eit svekt immunsystem som gjer folk meir utsette.[8] Tronge buvilkår kan òg føra til auka smittefare.[10]

I tidlegare tider isolerte ein gjerne smitta gjennom å oppretta leprakoloniar og institusjonar, eller dei blei forviste. Spedalske kunne òg bruka ei bjølle for å gje melding om at dei kom.[15]

Historie og førekomst i dag[endre | endre wikiteksten]

Folk ved ein leprakoloni på Hawaii i 1905.

Ein rekner lepra som ein av dei eldste kjende sjukdomane.[8]

Lepra blei truleg innført til Europa i samband med krosstoga. Epidemien nådde ein topp her på 1200-talet, og utbreiinga byrja gå ned om lag 1500-talet.[8] Frå 1600-talet var berre Noreg og Island hardt råka.[16]

Lepra var ein vanleg sjukdom i Noreg på 1800-talet etter at sjukdomen var forsvunnen frå dei fleste landa i Europa. Talet på tilfelle auka kraftig på 1830-talet.[16] I fleire tiår hadde Noreg fem sjukehus for leprapasientar, alle i Kyst-Noreg. Det mest kjende var Sankt Jørgens Hospital i Bergen. Bergen var eit forskingssentrum på sjukdomen, med Daniel Cornelius Danielssen som ein leiande autoritet. Han hevda at sjukdomen var arveleg. Armauer Hansen utfordra denne posisjonen med sin teori om at spedalsksjuke var valda av ein mikro-organisme. Frå 1856 byrja ein eit norsk register over leprapasientar, verdas første nasjonale pasientregister. I 1877 vedtok Storinget «lepralovene» som mellom anna hindra at leprasmitta blei sende frå gard til gard på legd.[8]

I siste halvdel av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet avtok førekomsten gradvis, og i dag er lepra forlengst utrydda i Noreg. Han kan likevel innførast gjennom smittetilfelle frå endemiske område. Førekomsten av lepra på verdsbasis har gått kraftig ned fram mot slutten av 1900-talet gjennom intensivert oppsporing av pasientar og betre behandling med lækjemiddel. Lepra finst framleis i fleire land, men er berre eit helseproblem i nokre få av dei. Han er særleg utbreidd i Sør- og Søraust-Asia, der 90 % av nye tilfelle blir funne.[17] Sjukdomen finst òg i Afrika og Amerika. I 2011 blei det registrert 219 000 nye tilfelle av lepra. 65 % av desse blei diagnostiserte i India. I tillegg må ein rekna med at det finst ein del udiagnostiserte tilfelle.[7] Verdshelseorganisasjonen WHO arbeider for å utrydda sjukdomen gjennom å tilby lækjemiddel til pasientar i alle land der sjukdomen er endemisk.[18]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Myrvang, Bjørn. «Lepra» (17. januar 2013), Store medisinske leksikon. Fri artikkel henta 25. januar 2015.
  2. «spedalsk» i Nynorskordboka
  3. «Spedalsksjuka - lepra»
  4. Myrvang, Bjørn. «Hansens sykdom» (13. februar 2009), Store medisinske leksikon. Fri artikkel henta 30. januar 2015.
  5. «Uppslagsdel – Spetälska», bibeln.se
  6. Jens Helleland Ådnanes, «Hyller leprapioner», Aktuelt, UIB.no
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Myrvang, Bjørn. «Lepra» (17. januar 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 25. januar 2015.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Andreas R. Graven, «Skrekksykdom som ikke dør», forskning.no (7.4 2012)
  9. 9,0 9,1 «Hva forårsaker spedalskhet?», Pasienthandboka, nhi.no
  10. 10,0 10,1 «Sjukdomsinformation om lepra», folkhalsomyndigheten.se
  11. «Hvordan arter spedalskhet seg?», Pasienthandboka, nhi.no
  12. 12,0 12,1 «Lifting the stigma of leprosy: a new vaccine offers hope against an ancient disease». Time 119 (19): 87. May 1982. PMID 10255067. 
  13. 13,0 13,1 Kulkarni GS (2008). Textbook of Orthopedics and Trauma (2 utg.). Jaypee Brothers Publishers. s. 779. ISBN 9788184482423. 
  14. «Q and A about leprosy». American Leprosy Missions. http://www.leprosy.org/leprosy-faqs. Henta 2011-01-22. «Do fingers and toes fall off when someone gets leprosy? No. The bacillus attacks nerve endings and destroys the body's ability to feel pain and injury. Without feeling pain, people injure themselves on fire, thorns, rocks, even hot coffee cups. Injuries become infected and result in tissue loss. Fingers and toes become shortened and deformed as the cartilage is absorbed into the body.» 
  15. Cox, Carol Turkington, Jeffrey S. Dover ; medical illustrations, Birck (2007). The encyclopedia of skin and skin disorders (3rd utg.). New York, NY: Facts on File. s. 211. ISBN 9780816075096. 
  16. 16,0 16,1 «Lepraarkiva i Bergen», digitalarkivet.uib.no
  17. «Lepra (spedalskhet)» (29.04.2011), NHI.no
  18. «Leprosy today»; «The "Final Push" strategy for elimination»; «WHO Multidrug therapy (MDT)» who.int

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]