Utviklingsland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser levekårsindeksen. Raud farge indikerer låg levestandard.

Utviklingsland, stundom forkorta til u-land, er ei nemning for land som enno ikkje har gjennomgått ei vidfemnande industrialisering.

Kva som gjer eit land til utviklingsland kan ha fleire faktorar, men det finst ein rekkje mål for eit lands velstand, til dømes å måle eit lands bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggjar, som reknast som summen av innanlandsk forbruk og investeringar pluss nettoeksport (= eksport minus import). Veikskapen med dette er at det dekkjer over store inntektsskilnader.

Eit anna og meir omfattande mål er Dei sameinte nasjonars (SN) «Indeks for menneskeleg utvikling» - Human Development Index (HDI) som byggjer på gjennomsnittleg levetid, BNP, utdanningsnivå og andre faktorar.

Om lag tre fjerdedelar av jorda si befolkning lever i utviklingsland. I dei fleste av desse landa er det låg levestandard. Generelt sett har mange utviklingsland problem med befolkningsnaud, hungersnaud, befolkningsoverskot, lågt utdanningsnivå og djup fattigdom, men omgrepet utviklingsland understrekar at trass i store problem er det land med eit positivt utviklingspotensiale.

Nokre døme på u-land er Moldova i Europa, Etiopia i Afrika, Bolivia i Sør-Amerika, Honduras i Mellom-Amerika, Vanuatu i Oseania og Afghanistan i Asia.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

[treng kjelde]