Let Me Be the One av The Shadows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Let Me Be the One»
Song av The Shadows
Land Storbritannia
Språk Engelsk
Utgjeve 1975
Sjanger Pop, rock
Lengd 02:48
Selskap EMI[1]
Låtskrivar(ar) Paul Curtis
Produsent The Shadows

«Let Me Be the One» (la meg vere den) er ein britisk popsong frå 1975 med The Shadows. Melodi og tekst er skriven av Paul Curtis. Songen var Storbritannia sitt bidrag i Eurovision Song Contest 1975, der han enda på ein andreplass.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Den britiske kringkastaren BBC valde The Shadows til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 1975 i Stockholm. I den britiske finalen 15. februar 1975 framførte bandet seks låtar, og «Let Me Be the One» vart kåra til vinnar gjennom ei postkortavrøysting.[2]

I den internasjonale finalen 22. mars 1975, var «Let Me Be the One» det niande bidraget på scena – etter Pepil In Kri frå Jugoslavia, med songen «Dan ljubezni», og før Renato frå Malta, med songen «Singing This Song». I avrøystinga fekk songen 138 poeng og enda på andreplass blant 19 deltakarland.[3]

The Shadows gav ut «Let Me Be the One» på singelen EMI 2269. Singelen var arrangert og produsert av gruppa sjølv.[4]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
 Belgia, Flandern (Ultratop)[5] 21 5 5. april 1975
 Irland (Irish Singles Chart)[6] 10 4 3. april 1975
 Noreg (VG-lista)[7] 2 15 Veke 15, 1975
 Storbritannia (UK Singles Chart)[8] 12 9 8. mars 1975
 Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[7][9] 47 1 5. mai 1975

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Shadows – Let Me Be the One». discogs.com. Henta 23. februar 2019. 
  2. «UK NATIONAL FINAL 1975». natfinals.50webs.com. Henta 23. februar 2019. 
  3. «Eurovision Song Contest Stockholm 1975». eurovision.tv. EBU. Henta 23. februar 2019. 
  4. «The Shadows - Let Me Be The One». Discogs (på engelsk). Henta 23. februar 2019. 
  5. «The Shadows - Let Me Be The One». ultratop.be. Henta 23. februar 2019. 
  6. «Let Me Be the One – skriv 'Let Me Be the One' i søkefeltet». www.irishcharts.ie. Irish Charts. Arkivert frå originalen 21. juli 2011. Henta 23. februar 2019. 
  7. 7,0 7,1 «norwegiancharts.com - The Shadows - Let Me Be The One». norwegiancharts.com. Henta 23. februar 2019. 
  8. «Llet Me Be the One – full Official Chart History». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. Henta 23. februar 2019. 
  9. «Let Me Be the One på Offizielle Deutsche Charts». www.offiziellecharts.de. Offizielle Deutsche Charts. Henta 23. februar 2019.