Fleire land nytta seg av høvet til å ikkje synge på nasjonalspråket. Land som Portugal og Jugoslavia song på engelsk under prøvane som blei vist for juryane, for deretter å synge på nasjonalspråket under fjernsynssendinga. Det portugisiske bidraget «Madrugada» var ei hyllest til nellikrevolusjonen, der songen hadde spela ei nøkkelrolle. Ifølgje historikaren John Kennedy O'Connor skal den portugisiske artisten ha måtta blitt overtala til å ikkje ha på seg militæruniform, og til å ikkje ha med seg våpen på scena.
Poengsystemet der juryen for kvart gjev poeng i valørane 12, 10 og 8–1 til sine favorittbidrag, blei innført i 1975, og dette systemet blir framleis brukt i konkurransen. Forslaget kom frå finsk TV, og målet var å forhindre at bidrag skulle få null poeng. Stemmene blei presentert i den rekkjefølgja bidraga hadde blitt framført i, ikkje i stigande rekkjefølgje, slik som i dag. Dette blei innført fyrst i 1980.
Tyrkia deltok for fyrste gong i Eurovision Song Contest dette året, og Hellas trekte seg frå konkurransen som følgje av den tyrkiske invasjonen av Nord-Kypros. Frankrike og Malta kom tilbake til konkurransen. Totalt 19 bidrag deltok i konkurransen, noko som var ny rekord.