Lettmetall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aluminiumsfelg

Lettmetall er ei fellesnemning for metall med låg atomvekt, det vil seie låg relativ molekylmasse. Som lettmetall vert som oftast rekna dei metalla som har ein tettleik som ikkje er høgare enn 4 500 kg/m3, men dette er ikkje ei fast og eintydig grense mot andre metall, dei såkalla tungmetalla.

Dei viktigaste lettmetalla til teknisk bruk er aluminium, magnesium og titan. Desse metalla og legeringane har god fastleik i høve til tettleiken, og er ofte motstandsdyktige mot korrosjon.

Oversyn over lettmetall[endre | endre wikiteksten]