Lidskjalv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Hliðskjálf» omdirigerer hit. For musikkalbumet av Burzum, sjå albumet Hliðskjálf.
Miniatyrfigur i sølv frå rundt 900 som truleg viser Odin på trona Lidskjalv med ulvene Gere og Freke og ramnane Hugin og Munin. Funne ved Lejre i Danmark i 2009, utstilt i Roskilde Museum.
Foto: Mogens Engelund

Lidskjalv (norrønt Hliðskjálf) er høgsetet til Odin i norrøn mytologi. Det står i borga hans Valaskjalv i Åsgard. Frå setet ser Odin ut over heile verda, og veit kva kvart menneske gjer. Lidskjalv er omtalt i Den yngre Edda (Gylvaginning), og er også nemnd i dei eldre eddadikta Grimnesmål, der Odin og Frigg sit i høgsetet, og Skirnesmål, der Frøy lurer seg til å sitja der og ser jotunkvinna Gerd.

Snorre Sturlason skriv i Edda: «Þar er einn staðr, er Hliðskjálf heitir, ok þá er Óðinn settist þar í hásæti, þá sá hann of alla heima ok hvers manns athæfi ok vissi alla hluti þá er hann sá.» Omsett: «Det er ein stad som heiter Lidskjalv; og når Odin sette seg i høgsetet der, då såg han ut over alle heimsbolkar, såg kva kvar mann tok seg føre, og mintes sidan alt han såg.»[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorre Sturlason, Den yngre Edda (til nynorsk ved Erik Eggen), Samlaget (1984), s 27

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]