Lemesós
| Lemesós Λεμεσός Limasol | |
|---|---|
| Land Distrikt |
Lemesós |
| Flatevidd | 44,87 km² |
| Innbyggjarar[1] • By (2021) |
107 970 |
| Koordinatar | 34°40′29″N 33°02′39″E / 34.67472°N 33.04417°E |
| Høgd | 0 m m |
| Tidssone • Ved sommartid |
UTC+2, UTC+03.00 (UTC) UTC+03.00 (UTC) |
| Nettstad: https://www.limassol.org.cy/ | |
| Nettstad: www.limassolmunicipal.com.cy | |
|
| |
Lemesós (gresk Λεμεσός, tyrkisk Limasol eller Leymosun) eller Limassol er den nest største byen på Kypros og ein kommune i distriktet Lemesós i Republikken Kypros.[2] Byen ligg ved Akrotíribukta på den sørlege kysten av øya.
Byen har den største hamna for mellomhandel i Middelhavet, og har etter kvart vorte den viktigaste turistbyen på øya. Lemesós har ein lang kulturell tradisjon med mange museum og arkeologiske utgravingar.
Lemesós trekkjer til seg mange turistar om sommaren, og har fleire luksushotell og leilighetar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Lemesós vart bygd mellom dei to antikke byane Amathus og Kourion, og då han var ein del av Austromarriket vart han kalla Neapolis (ny by). Turistruta i Lemesós går austover langs kysten til Amathus. Vest for byen ligg Akrotíri, ein britiskstyrt militærbase.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 107 970 innbyggjarar,[1] mot 101 000 innbyggjarar i 2011.[3]
Folketalet har fordelt seg slik på bydelane:
| Busetnad | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
|---|---|---|
| Ájos Andónios | 0 | 26 |
| Tzamí Tzendít (Tz.Tz.) | 434 | 433 |
| Arnaoutojitoniá (Arn.) | 905 | 857 |
| Ajía Nápa | 534 | 703 |
| Katholikí | 4 647 | 5 592 |
| Ájos Ioánnis | 4 767 | 4 902 |
| Tsiflikoúdia | 579 | 544 |
| Omónia | 3 839 | 4 061 |
| Apóstolos Andréas | 9 207 | 9 362 |
| Ájos Jeórjos | 5 060 | 5 360 |
| Apóstoli Pétros ke Pávlos | 10 412 | 10 992 |
| Kápsalos | 6 660 | 6 791 |
| Ájos Nektários | 3 397 | 3 817 |
| Ajía Zóni | 4 456 | 5 115 |
| Ajía Triáda | 2 786 | 3 279 |
| Neápoli | 7 229 | 8 191 |
| Ájos Nikólaos | 5 631 | 5 468 |
| Ajía Fýlaxi | 14 451 | 16 069 |
| Panajía Evangelístria | 693 | 894 |
| Ájos Spyrídonas | 9 439 | 9 326 |
| Zakáki | 5 874 | 6 188 |
Kart bydelar
[endre | endre wikiteksten]
Storbyområde
[endre | endre wikiteksten]Storbyområdet til Limassól omfattar dei seks kommunane Lemesós, Káto Polemídia, Mésa Jitonía, Ájos Athanásios, Jermasója og Ýpsonas med til saman 194 884 innbyggjarar.[4][1]
Kart storbyområde
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 «Folketeljing Kypros 2021» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 21. juni 2025. Henta 28. august 2025.
- ↑ «Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023.
- 1 2 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Limassol, Cyprus - Intercultural City» (på engelsk). Europarådet, kulturbyprogrammet. Arkivert frå originalen 11. januar 2023. Henta 20. september 2023.



