Linn Ullmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Linn Ullmann
Linn-Ullmann-Foto-Agnete-Brun.jpg
Linn Ullmann
Foto: Agnete Brun
Fødenamn Karin Beate Ullmann
Fødd 9. august 1966
Oslo
Linn Ullmann på Commons

Linn Ullmann (fødd 9. august 1966) er ein norsk forfattar og journalist. Ho er fødd og busett i Oslo, men har også budd delar av livet på Fårö i Sverige og i New York. Ullmann har gjeve ut seks romanar. Dei har vunne fleire prisar, og er omsett til ei rekkje språk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hammars på Fårö. Linn Ullmann budde dei første åra av livet sitt på øya, og har seinare vitja ofte.

Ullmann blei fødd i Oslo, og er det einaste barnet til Liv Ullmann (skodespelar, forfattar og filmskapar), og det niande og yngste barnet til Ingmar Bergman.[1] Dei første åra av livet budde familien saman på Fårö ved Gotland.[2] Foreldra gjekk frå kvarandre då ho var fire; dei var aldri gifte med kvarandre. Etter samlivsbrotet såg Ullmann først faren att då ho var sju.[1] Ho voks opp i New York[3] og Oslo.[4]

Ullmann gjekk på ei rekkje ulike skular i USA og Noreg, mellom dei Majorstua skole i Oslo[5] og Professional Children's SchoolManhattan i USA.[6][7]

Som barn spelte Ullmann i fleire filmar, mellom anna Hviskninger og rop og Høstsonaten regissert av Bergman. Gjennom ungdommen dansa ho ballett,[8] og ønska å bli profesjonell dansar. Etter å gjort forsøk på å koma inn ved Juilliard School i New York og Operaens balletskole i Oslo, gav ho opp draumen.[5] I ungdomstida var ho også fotomodell ei tid.[5][7]

Høgare utdanning og journalistikk[endre | endre wikiteksten]

Ullmann studerte engelsk litteratur ved New York University. Her byrja ho også på doktorgradsstudium, men avslutta dei og flytta tilbake til Noreg. Ho fekk jobb som sommarvikar i Dagbladet. Deretter var ho ei tid med i redaksjonen til tidsskriftet Vagant.

Frå 1996 til -97 var ho journalist og kommentator i Dagbladet og frå 2006 til -07 i Aftenposten.[9] I 2007 fekk ho Gullpennen for den journalistiske verksemda si.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Linn Ullmann redigerte antologien Men jeg bor her ennå som kom ut i 1997, og skreiv fagboka Yrke: Regissør om filmane til Arne Schouen i 1998.[9] Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen Før du sovner i 1998. Romanen blei sold til over tjue land før han kom ut i Noreg.[9] Også seinare bøker har hatt brei internasjonal suksess,[9] og romanane hennar er gjevne ut i store delar av Europa og i USA.[10]

Før du sovner er ein generasjonsroman som i følgje Store Norske Leksikon er ein «frisk og fantasirik familieroman [...] fortalt med brå og overraskende kast.»[9] Boka handlar om Karin Blom og familien hennar i USA.[5] Ullmann gjer bruk av ein upåliteleg forteljarstemme,[9] noko som har gått att i forfattarskapen. Ho nytter også skiftande perspektiv, noko som også kjem att i den andre boka hennar.[9]

Den neste romanen hennar, Når jeg er hos deg (2001), fortel om eit fall frå eit hustak på Frogner i Oslo. Forteljinga nytter ulike forteljarmåtar og perspektiv, og tek for seg «livets uutholdelige letthet, om endeløs ensomhet også i nære forhold, om balansekunst på alle nivåer, og om fallets uunngåelighet».[9]

Nåde frå 2002 handlar om eit langvarig dødsleie og drøftar ideen om aktiv dødshjelp.[9] For denne tredje romanen sin vann Ullmann Den norske lesarprisen og blei kåra til ein av dei ti beste romanane det året av danske Weekendavisen.[11] I 2007 blei Nåde nominert til Independent Foreign Fiction Prize i Storbritannia. I mars 2007 hadde Riksteatret premiere på den dramatiserte versjonen av romanen, med Marit Moum Aune som regissør.[12]

Den fjerde romanen til Ullmann, Et velsignet barn, kom ut hausten 2005. Han inneheld ei breiare forteljing om familieforhold i fortid og notid, og tek for seg tema som forstilling, løgner, svik og svikt, i tillegg til kva som skal til «for å forstå fortidshendelser og den betydning de har for det videre liv.»[9] Boka blei nominert til Brageprisen.[13] Et velsignet barn blei kåra til beste omsette roman i den britiske avisa The Independent i 2008,[14][15] og året etter blei også denne romanen nominert til Independent Foreign Fiction Prize[14] og til den irske International IMPAC Dublin Literary Award. I 2007 vann Ullman Amalie Skram-prisen for forfattarskapen sin.[10]

I 2015 gav Ullmann ut De urolige, ein sjølvbiografisk roman som byggjer på nokre samtalar ho hadde med faren mot slutten av livet hans med meininga om å skriva ei bok saman. Romanen blei ein internajsonal suksess blant lesarar og kritikarar. Han blei skriven om til eit teaterstykke av Karen-Marie Bille og regissert av Pernilla August. Stykket hadde premier som De oroligaDramaten i Stockholm den 1. november 2018.[16]

Anna virke[endre | endre wikiteksten]

Ullmann i Cannes-juryen 2011.

Gjennom ei årrekkje vitja Ullman nesten kvar sommar den svenske øya Fårö, der faren Ingmar Bergman budde. Her traff ho familie, såg film med faren, og skreiv.[8] Etter at Bergman døydde i 2007 var Linn Ullmann med på å stifta kunstnarsenteret Bergmangårdarna på Fårö i 2009.[17] Ho var også kunstnarisk leiar i oppstartsfasen.[18]

Ved femtiårsdagen til Filmfestivalen i Cannes, då Ingmar Bergman blei tildelt ein spesialpris, las Linn Ullmann opp ei melding frå faren, som ikkje kunne vera der.[19] I 2011 sat Ullmann i hovudjuryen ved Cannesfestivalen, saman med mellom anna Robert De Niro, Jude Law og Uma Thurman.[20]

Privat[endre | endre wikiteksten]

Ullmann gifta seg med Espen Tøndel i 1989.[21] Dei fekk ein son, filmskaparen Halfdan Ullmann Tøndel.[22][23]

I 2001 gifta Ullmann seg med forfattaren Niels Fredrik Dahl,[24] og dei fekk ei dotter saman. I tillegg er ho stemor til Dahl sine to eldre barn.[1] Paret er busett i Oslo.[25]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Før du sovner (1998)
  • Når jeg er hos deg (2000)
  • Nåde (2002)
  • Et velsignet barn (2005)
  • Det dyrebare (2011)
  • De urolige (2015)

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1971 – Utvandrerne (Utvandrarna)
  • 1972 – Nybyggerne (Nybyggarna)
  • 1973 – Hviskninger og rop (Viskningar och rop)
  • 1978 – Høstsonaten (Höstsonaten)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Jens M. Johansson (21. november 2015). «Den urolige» (PDF). DN Magasinet. 
  2. Ehrnrooth, Albert (25.07.2018). «Välgöraren och dottern räddade Bergmans fristad». s. 16–17. 
  3. Dunnett, Ninian (19. august 2004). «Light in the darkness» (PDF). The Scotsman. Henta 13. september 2014. 
  4. «Linn Ullman». Penguin House. Henta 13. september 2014. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Kåre Bulie (2012). «Nåde og gode sko» (PDF). Samtiden. 
  6. «NOTABLE ALUMNI». Professional Children's School. Arkivert frå originalen 6. juli 2015. Henta 13. september 2014. 
  7. 7,0 7,1 «Celeb Brats Can Be Model Kids, Too». People.com. 20. juni 1983. Henta 13. september 2014. 
  8. 8,0 8,1 Boyd Tonkin (27. januar 2006). «Linn Ullmann: Whose life is it anyway?». The Independent. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 9,7 9,8 9,9 Skei, Hans H. (29. mars 2017). «Linn Ullmann». Store norske leksikon. 
  10. 10,0 10,1 «Linn Ullmanns». Oktober forlag. Henta 3. juni 2018. 
  11. «Det Kongelige Bibliotek - International Forfatterscene - Linn Ullmann». 2012-05-18. Arkivert frå originalen 2013-12-16. Henta 2012-09-24. 
  12. «Linn Ullmanns NÅDE blir teater». 2007-02-27. Arkivert frå originalen 23. august 2007. Henta 2012-09-24. 
  13. «Renberg og Ullmann nominert til Brageprisen». 2005-10-31. Henta 2012-09-24. 
  14. 14,0 14,1 «Solstad og Ullmann kan få britisk prestisje-pris». 2009-02-26. Henta 2012-09-21. 
  15. «The 20 best books of the year». The Independent. 19. desember 2008. 
  16. «Pernilla August regisserar Linn Ullmanns De oroliga». Via TT. 4.10.2018. 
  17. Så räddades farsarvet, Dagens Nyheter, 6. desember 2009.
  18. «Stiftelsen Bergmangårdarna på Fårö - Historik». 2010-08-01. Arkivert frå originalen 2011-07-20. Henta 2012-09-24. 
  19. Janet Maslin (12. mai 1997). «Lots of Nostalgia, But Still No Bolt From the Blue». New York Times. 
  20. «The Jury of the 64th Festival de Cannes». Cannes. 2011-04-20. Henta 2011-04-20. 
  21. «Liv Ullmann 75 år». scanpix.no. Henta 31. mai 2018. 
  22. «Ny Ullmann inntar Toronto». Nettavisen. 10.09.2015. 
  23. Isabelle Karlsson (14. september 2015). «Film-talentet Halfdan Ullmann Tøndel utmerker seg i utlandet». Dagbladet. 
  24. Anders Grønneberg (2. september 2001). «Linn sa ja». Dagbladet. 
  25. «About». linnullmann.n. Henta 30. mai 2018. 
  26. Hilde Bjørnskau (30. januar 2016). «Linn Ullmann vant P2-lytternes romanpris». nrk.no. Henta 5. september 2017. 
  27. «Linn Ullmann: De urolige». Nordisk råd. Henta 31. oktober 2016. 
  28. «Doblougska priset» (svensk). Svenska Akademien. 30. mai 2017. Henta 2. september 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]