Hopp til innhald

Linux-kjernen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linux
Arkitekturen til Linux-kjernen.

Linux-kjernen er ein fri Unix-liknande operativsystemkjerne, skriven av Linus Torvalds i 1991 og vidareutvikla av utviklarar rundt om i verda. Kjeldekoden er lisensiert under GNU GPL, og er dermed fri programvare. Han er tilgjengeleg frå [1].

Linux-kjernen var opphavleg utvikla for Intel 80386-prosessoren, men har seinare vorte tilpassa mange andre prosessorar. Han er skriven i programmeringsspråket C og nyttar GNU C-bibliteket[2]. Noko lågnivåkode er skriven i assemblerkode[2].

For å få eit komplett operativsystem vert Linux-kjernen kombinert med ein god del anna kode, det meste frå GNU-prosjektet, til det som vert kalla ein linuxdistribusjon. Ein linuxdistribusjon vert difor ofte omtala som eit GNU/Linux operativsystem.

Linus-kjernen har som oppgåve å styra maskinvare, som prosessor, dataminne og harddisker, og å fordele tilgang og resursar mellom system- og brukarprogramvare. Linux-kjernen er modulvis oppbygd og det er mogleg å konfigurera og kompilera han med ulik funksjonalitet. Nye drivarane kan lastast inn utan rekompilering[2][3]

Prosjektet starta i 1991 med at den då 21 år gamle finske studenten Linus Torvalds sende ein berømt post til Usenet-gruppa comp.os.minix:

I'm doing a (free) operating system (just a hobby, won't be big and professional like gnu) for 386(486) AT clones...[4]

På dette tidspunktet hadde GNU-prosjektet skapt mange av komponentane som var naudsynt i eit fritt operativsystem, men sjølve kjernen, GNU Hurd, var uferdig og ikkje tilgjengeleg. BSD-operativsystemet hadde framleis ikkje frigjort seg frå sine juridiske problemstillingar. Dette opna eit hol som Linux-kjernen kunne fylle. Til trass for den avgrensa funksjonaliteten i dei tidlege versjonane knytte linux-kjernen raskt til seg utviklarar som la til ny funksjonalitet og forbetringar.

Versjonshistorie

[endre | endre wikiteksten]

Vedlikehald

[endre | endre wikiteksten]

Linus Torvalds er ansvarleg for oppdateringar og frigjeving av nye versjonar, men han har delegert ansvaret for vedlikehald av eldre versjonar til andre programmerarar[5]. Versjonar heilt tilbake til v. 2.0 vert vedlikehaldne, sjølv om denne versjonen offisielt vart erklært utdatert i januar 1999.

Kjerne-serie Noverande versjon Vedlikehaldar Vedlikehaldsmodell
2.02.0.40[6]David WeinehallOffisielt utdatert ved innføringa av v. 2.2.0[7].
2.22.2.26[8]Marc-Christian Petersen (tidlegare vedlikehaldar Alan Cox)Uoffisielt utdatert ved innføringa av v. 2.2.27-rc2[9],[10]
2.42.4.37.11Willy Tarreau (tidlegare vedlikehaldar Marcelo Tosatti)Vedlikehalden frå des. 2008 til des. 2011, siste stabile utgåve av 2.4-serien.
2.6.162.6.16.62Adrian Bunk1. stabile langtidsutgåve frå mars 2006 til juli 2009, erstatta av v. 2.6.27.xx).
2.6.272.6.27.62[11]Willy Tarreau (tidlegare vedlikehaldar Greg Kroah-Hartman)2. stabile landtidsversjon frå okt. 2008 til 2012?[12]
2.6.322.6.32.59[13]Willy Tarreau (tidlegare vedlikehaldar Greg Kroah-Hartman)3. stabile langtidsutgåve frå des. 2009 til mars 2012[14][15][16][17]
2.6.332.6.33.20[11]Greg Kroah-Hartman4. stabile langtidsutgpve-term frå mars 2011 til nov. 2011, base for sanntidstre, erstatta av 3.0.xx)[18]
2.6.342.6.34.12[11]Paul Gortmaker5. stabile langtidsutgåve frå jan. 2011 til 201?
2.6.352.6.35.14[19]Andi Kleen6. stabile langtidsutgåve frå des. 2010 til 201?
2.6.392.6.39.4[11]Linus TorvaldsVedlikehalden frå mai 2011 til aug. 2011), siste stabile utgpve av 2.6-kerne-serien.
3.03.0.36[20]Greg Kroah-Hartman7. stabile langtidsutgåve frå juli 2011 til 201?, base for sanntidstre[14]
3.23.2.21Ben Hutchings8. stabile langtidsutgåve frå mars 2012 til 201?, nytta i Ubuntu 12.04 LTS
3.33.3.8Vedlikehalden til juni 2012)[1].
3.43.4.4Siste stabile versjon[1].
linux-nextnext-20120622[1]Siste utviklingsversjon
  1. 1 2 3 4 The Linux Kernel Archives, kernel.org.
  2. 1 2 3 Bovet, D.P. og Cesati, M., Understanding the Linux kernel, O'Reilly, 2001.
  3. Rubini, A. og Corbet, J., Linux device drivers, 2. utg., O'Reilly, 2001.
  4. Torvalds , L., Hello everybody out there using minix, groups.google.com.
  5. Linux MAINTAINERS file[daud lenkje].
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. juli 2012, henta 2. juli 2012
  7. Weinehall, D., [ANNOUNCE] Linux-kernel 2.0.40 aka ``The Moss-covered Tortoise'&#39, 8/2-2004
  8. LATEST-IS-2.2.26 Arkivert 2012-07-13 ved Wayback Machine., ftp.kernel.org.
  9. Petersen, M.-C., Linux 2.2.27-rc2, 13/1-2005
  10. Petersen, M.-C., Linux 2.2.26, 25/2-2004-02-25
  11. 1 2 3 4 «The Linux Kernel Archives». Kernel.org. Henta 30. oktober 2010.
  12. «Linux 2 6 27 - Linux Kernel Newbies». Kernelnewbies.org. Henta 30. oktober 2010.
  13. gitweb linux-stable.git summary[daud lenkje]
  14. 1 2 «Linux 3.0 promoted to long-term kernel, In brief - The H Open Source: News and Features». H-online.com. 14. januar 2012. Henta 27. mars 2012.
  15. «Greg KH: Linux 2.6.32.58». LKML. 4. mars 2012. Henta 27. mars 2012.
  16. «Stable kernel tree status, January 9, 2012». Greg Kroah-Hartman. 9. januar 2012. Henta 15. april 2012.
  17. «Linux 2.6.32.58 - last kernel release». Greg Kroah-Hartman. 4. april 2012. Henta 15. april 2012.
  18. «Linux 2.6.32.47». gmane.org. Henta 8. november 2010.
  19. Annonsering av v. 2.6.35.14
  20. gitweb linux-stable.git summary[daud lenkje]