Lisbeth L. Petersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lisbeth L. Petersen
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 28. februar 1939 (85 år)
Tórshavn
Yrke politikar
Språk dansk
Politisk parti Sambandsflokkurin

Lisbeth Beate Lindenskov Petersen (fødd 28. februar 1939) er ein færøysk politikar. Ho blei ein av dei fyrste kvinnene som nådde dei fremste posisjonane i færøysk politikk, som borgarmeister i Tórshavn, medlem av det færøyske Lagtinget og det danske Folketinget og partileiar i Sambandsflokkurin.[1]

Familie og yrke[endre | endre wikiteksten]

Petersen vaks opp i Tórshavn som dotter av Rachel, fødd Fonsdal, og Georg L. Samuelsen. Faren var redaktør i partiavisa til Sambandsflokkurin Dimmalætting. Både farfaren Andrass Samuelsen og farbroren Trygve Samuelsen var formenn i Sambandsflokkurin.[1]

Petersen gjekk realskulen i Tórshavn og gymnaset i Bagsværd utanfor København. Faren frårådde ho ein karrière som journalist, så ho byrja som ekspeditør i ei klesforretning. I 1959 byrja ho å studere ved Handelshøjskolen i København og arbeida som kontorassistent i SAS, men flytta tilbake til Færøyane året etter, då ho gifta seg med maskinist Jákup Petersen.[1]

Ektemannen seila i den danske handelsflåten, så ho var vekselvis heimeverande og sekretær ved advokatkontor i Tórshavn.[1] Frå 1980 til ho blei borgarmeister i Tórshavn, var ho prosjektsekretær ved Føroya Fornminnissavn.[2]

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Petersen melde seg tidleg inn i velgjarforeininga til Sambandsflokkurin i Tórshavn. I 1970-åra blei likestilling mellom kjønna aktualisert, og fleire kvinner tok steget inn i færøysk politikk. Frå 1982 til 1987 var Petersen partisekretær i Sambandsflokkurin.[2]

I 1984 stilte Petersen for fyrste gong til val, og blei vald inn i kommunestyret i Tórshavn. Ho blei den fyrste kvinnelege representanten for Sambandsflokkurin i kommunestyret, og blei i forhandlingene tilbudt posten som borgarmeistar i Tórshavn. Petersen foretrakk postene som viseborgarmeister og formann i sosialutvalet. Etter valet i 1992 blei ho den fyrste kvinnelege borgarmeistaren i Tórshavn. Sambandsflokkurin gjekk fram ved valet i 1996, men det blei danna eit fleirtal utanom partiet.[1]

Petersen var vald inn på Lagtinget frå Suðurstreymoy frå 1990 til 2008. Ho fekk ei sentral rolle i Sambandsflokkurin etter valsigeren under den færøyske finanskrisa i 1994. Ho kunne ha blitt lagmann på Færøyane (regjeringssjef) i 1994, men dei samarbeidande partia i kommunestyret blei ikkje einige om hennar etterfølgjar som borgermeister, så regjeringsoppdraget gjekk til Edmund Joensen.[3][4]

I sin fyrste lagtingsperiode arbeida Petersen mest med samferdsels-, justis-, sosial- og helsespørsmål, og sat deretter i finanskomiteen til Lagtinget. Ho har vore særleg engasjert i samarbeidet med Island og Grønland, og ho var medlem av Lagtinget sin delegasjon til Vestnordisk Råd (tidlegare Vest-Nordens parlamentariske samarbeidsråd) 1990–2002 og formann i rådets presidium i åra 1993–1994 og 1996–1997. Petersen var formann i hovudstyret og lagtingsgruppa til Sambandsflokkurin i perioden 2001–2004.

Petersen var vald til det danske Folketinget frå Færøyane 2001–2005 og slutta seg til folketingsgruppa til Venstre.

Petersen kunngjorde på kvinnedagen den 8. mars 2007 at ho ville trekkje seg tilbake frå politikken. I 2014 melde ho seg ut av Sambandsflokkurin i protest mot den politiske linja til den andre regjeringa til Kaj Leo Johannessen.[4]

Petersen var største enkeltaksjonær då Samuelsen-familien selde seg ut av Dimmalætting i 2010.[5] Sonen hennar, Georg L. Petersen, blei redaktør i Dimmalætting i 2015.[6]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Petersen er riddar av Dannebrogordenen sidan 1995.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Hoydal, Gunnar (2003). «Lisbeth Petersen (1939-)». Dansk Kvindebiografisk Leksikon (på dansk). Henta 10. februar 2014. 
  2. 2,0 2,1 «Petersen, Lisbeth» (på dansk). Folketinget. Arkivert frå originalen 10. februar 2014. Henta 10. februar 2014. 
  3. Kletti, Pól á (15. september 1994). «Býráðssamgongan í Havn í vanda um Lisbeth fór í Tinganes». Dimmalætting (på færøysk): 3. 
  4. 4,0 4,1 Brend, Sigrún H. og Bláberg, Sigmar (10. februar 2014). «Lisbeth Petersen úr Sambandsflokkinum» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 25. februar 2014. Henta 10. februar 2014. 
  5. «Dimman fingið nýggjan eigara» (på færøysk). Kringvarp Føroya. 14. januar 2010. Henta 10. februar 2014. [daud lenkje]
  6. Egholm, Sverri (3. november 2015). «Dimmalætting fær nýggjan blaðstjóra» (på færøysk). portal.fo. Arkivert frå originalen 7. november 2015. Henta 11. mai 2017. 
  7. «Lisbeth Beate Lindenskov Petersen» (på færøysk). Løgtingið. 2002. Henta 10. februar 2014.