Awk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

AWK er eit programmerings- og skriptspråk for handsaming av tekstbaserte data, anten frå filer eller datastraumar. Namnet er utleidd av etternamnet til utviklarane – Alfred V. Aho, Peter J. Weinberger og Brian W. Kernighan.

AWK brukar for ein stor del strenger, assosiative matriser (som er matriser indeksert med nøkkelstrenger] og regulære uttrykk.

AWK er eit av dei tidlegaste verktya som dukka opp i versjon 3 av UNIX, og det vart raskt populært. Ein versjon av AWK er standard i moderne UNIX-implementasjoner og liknande operativsystem. AWK er nemnt i Single UNIX Specification som ein obligatorisk del av eit Unix operativsystem. Attåt Bourne shell, er AWK det einaste skriptspråk i ein standard Unix miljø.

AWK (og sed) er òg ein av inspirasjonskjeldene til skriptspråket Perl.

Strukturen i eit AWK-program[endre | endre wikiteksten]

Eit kall (oppslag) til AWK består i hovudsak av to deler: ei kommandofil og ei primær inndatafil. Kommandofila, som kan vera ei verkeleg fil eller inkluderast i kommandolinje-kall kallet til awk, inneheld ein serie kommandoar som som fortel AWK korleis inndatafila skal prosesserast. Den primære inndatafila er vanlegvis ei tekstfil som kan vera ei verkeleg fil eller lesast frå stdin.

Eit typisk AWK-program består av linjer på forma

/mønster/ { aksjon }

der mønster er eit regulært uttrykk og aksjon er ein kommando. AWK leitar gjennom inndatafila og når det finn ei linje som svarar til mønster, vil det køyra kommandoane spesifisert i aksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]