Sekulær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sekulær er eit ord som hovudsakleg tyder verdsleg, altså noko som ikkje har med religion å gjera. Eit sekulært samfunn er eit samfunn der det er liten eller ingen samanheng mellom lovar og styresmakter på den eine sida, og religiøse påbod og leiarar på den andre sida. Sekularisering er nemninga på prosessen der eit samfunn blir mindre religiøst. Sekulariseringa og demokratiseringa av samfunna er to prosessar som historisk heng saman.

██ Statsreligion ██ Sekulær stat ██ Tvitydig eller utan data

Ein sekulær stat er ein stat som er nøytral i forhold til religion. Ein stat må vere sekulær for å vere fullt ut demokratisk, sjølv om sekularisme i seg sjølv ikkje er ein tilstrekkjeleg føresetnad for demokrati.

I Noreg er det diskutert om statskyrkjeordninga og kristendomsfaget (KRL) i den offentlege skulen er i strid med menneskerettane og demokratiet. Sommaren 2007 felte Menneskerettsdomstolen i Strasbourg dom om KRL-faget, og fann det i strid med menneskerettane, som krev religions- og livssynsnøytralitet i det offentlege. Human-Etisk Forbund krev difor at faget blir endra til eit nøytralt livssynsorienterande fag.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

'Sekulær' er avleia av saeculum, det etruskiske og seinare latinske ordet for eit avgrensa tidsrom, til dømes levetida til ein person, eller tida frå ein by blei grunnlagd til alle som hadde opplevd dette var døde. Seinare fekk det ei tyding som låg rundt eitt hundreår (sekel), gjerne mellom 90 og 100 år.

Den moderne tydinga av ordet sekulær kjem frå at det som hadde med hundreåret å gjera var knytte til eit kort tidsperspektiv samanlikna med det evige guddomlege.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]