Verd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verda i ein ekvidistant sylinderprojeksjon

Verda kan visa til heile universet, men vert hovudsakleg nytta om planeten jorda. I denne tydinga er då eit verdskart eit kart over jorda si overflate.

Verda kan òg vise til busetnaden på jorda generelt eller ei meir spesifikk gruppe med menneske. Omgrepet kan òg brukast symbolsk, om ei tenkt eller ukjend verd.

Robinsonprojeksjonskart (stor versjon)

Fysiske plasseringar[endre | endre wikiteksten]

I andre kontekstar nyttast verd som eit synonym til planet, til dømes er Mars og Jupiter to verder i solsystemet.

Verda kan òg referere til heile universet. Dette har vorte mindre vanleg etterkvart som ein har lært meir om verdsrommet, men er likevel på eit vis nytta i meininga «heile vide verda», noko som er mest vanleg i filosofien.

Andre tydingar[endre | endre wikiteksten]

Verd kan brukast i mindre bokstavelege tydingar, til dømes kan to personar med lite til felles sei at dei «lever i kvar si verd». «Verdas ende» tyder vanlegvis «slutten på alt som er kjent for meg».

Delar av verda[endre | endre wikiteksten]

Ulike delar av verda med visse fellestrekk kan bli omtala som «ei verd» saman, som «den nye verda», som vart oppdaga av Christoffer Columbus.

Frasen kan òg nyttast i meir kulturelt spesifikke kontekstar, til dømes refererer nyheitskommentatorar gjerne til «Den muslimske verda» som om det var ei spesifikk eining.

Religion[endre | endre wikiteksten]

I kristendommen viser verda til mennesket sitt fall og ein korrupt verdsorden med menneskesamfunn utanfor samfunnet med truande. Verda vert då gjerne nytta i lag med kjødet og djevelen som ei kjelde for freisting som kristne burde flykte i frå.

I amerikanske urfolk sin mytologi er femte verda den komande verda som vil eksistere etter den noverande verda. Også i norrøn mytologi meinte ein at ei ny verd skulle oppstå etter Ragnarok.

Fiksjon[endre | endre wikiteksten]

Verd kan òg referere til oppdikta verder, til dømes Star Trek-verda eller verda der handlinga i Ringenes herre skjer. Andre fiktive verder som ein kan leve seg inni finn ein i dataspel og massive multispelarrollespel, til dømes Tamriel i Elder Scrolls-serien og Rubi-Ka i Anarchy Online. Sjå òg fiktiv verd.

Kunnskapssystem[endre | endre wikiteksten]

I kunnskapssystem og kunnskapsnivåmodellering, er eit system si verd kunnskapen som systemet har om omgivnadane sine.

Første verda, Andre verda, Tredje verda[endre | endre wikiteksten]

Termane første verda, andre verda, og tredje verda vart nytta for å dele inn jorda sine nasjonar i tre breie kategoriar. Dei tre namna kom ikkje samstundes. Etter andre verdskrigen vart det vanleg å snakke om kapitalistiske og kommunistiske land som to store blokker, av og til under namna «den frie verda» mot «kommunistblokka». Etter kvart fann ein ut at mange land ikkje passa inn i nokon av desse kategoriane, og på 1950-talet vart desse landa kategorisert som den tredje verda. Ein byrja då å tenkje at der burde vere ei første og andre verd òg, men desse termane har vore mindre vanlege.

I samband med den kalde krigen:

Første verda refererte til nasjonar som var innanfor Vest-Europa og Sambandsstatane si innflytelsessfære —, til dømes NATO-landa, Japan, nokre av dei tidlegare britiske koloniane som Australia, New Zealand, og Sør-Afrika.
Andre verda refererte til nasjonar innanfor Sovjetunionen si innflytelsessfære, til dømes warshawapakt-landa. Dette var i tillegg til sjølve Sovjetunionen, mesteparten av landa i Aust-Europa som hadde regjeringar som var i nært samarbeid med Moskva. Namnet kan, men treng ikkje, referere til kommunistland som hadde leiarskap i konflikt med Moskva, til dømes Kina og Jugoslavia.
Tredje verda refererte til nasjonar som ikkje høyrde til i dei to andre gruppene, og som ofte var medlemmar av blokkfrie statar, NAM. Mesteparten var utviklingsland, og mange av dei er i Afrika, Latin-Amerika, og Asia. Dei er ofte nasjonar som var kolonialisert av andre nasjonar tidlegare. Etter andre verdskrigen, strevde første og andre verda med å utvide innflytelsessfæren sin til den tredje verda. Militæret og hemmelege tenester til Sambandsstatane og Sovjetunionen jobba både hemmeleg og openlyst for å påverke tredje verd-regjeringar, med varierande hell.
Fleire land passa dårleg inn denne inndelinga, mellom anna Sveits, Sverige og Irland som valde å vere nøytrale. Finland var påverka av Sovjetunionen, men var ikkje eit kommunistisk land, og det var heller ikkje medlem av Warszawapakta. Austerrike var sterkt påverka av Sambandsstatane, men i 1955, når landet igjen vart uavhengig republikk, så var dette under føresetnaden at det skulle vere nøytralt.
Land som blir rekna med i den tredje verda (grøn farge = ofte rekna med, gul farge = rekna med av og til).

Etter kollapsen til Sovjetunionen i 1991, har frasen «den andre verda» meir eller mindre forsvunne heilt, sjølv om «tredje verda» fortsatt er i bruk. Dei resterande kommunistlanda vart anten isolert frå verdsøkonomien, slik som Nord-Korea og Cuba, eller Kina og Vietnam som byrja å integrere kapitalistiske konsept som private bedrifter i samfunnet, og skape nye handelsband med eksterne kapitalistiske økonomiar,

I seinare tid har «den første verda» først og fremst vore nytta om industrialiserte nasjonar, medan «tredje verda» då har referert til utviklingsland.

Ein mindre vanleg term er fjerde verda, som vert nytta om nasjonar som ikkje har ein nasjonal representasjon i SN, men som er representerte i OUNF — folkeslag som bur innanfor eller over statlege grenser.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]