Lokal redningssentral

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lokal redningssentral (LRS) er eit norsk organ underlagt Hovudredningssentralane (HRS). Det har normalt sett ansvar for redningsaksjonar på land i Noreg etter delegering frå HRS.[1]

Kvart politidistrikt utgjer ein lokal redningssentral, det same gjer Sysselmannen på Svalbard. Det er politimeisteren i det respektive politidistriktet som står i spissen for den kollektive redningsleiinga på LRS-nivået.[1][2]

LRS vert nytta når det er aktuelt å samordna og koordinera redningsaksjonar på land, eller når HRS av andre årsaker vel å nytta LRS til støtte for redningstjenesten. LRS rapporterer til HRS.[1]

Den lokale redningssentralen består av ei lokal redningsleiing samansett av dei viktigaste samvirkepartnarane innan landredning, med politimeisteren som leiar. Dei statlege samvirkepartnarane i redningsleiinga skal bestå av representantar for Helsedirektoratet, Kystverket (der det er relevant), Forsvaret, Sivilforsvaret og fylkesmannen sin beredskapsorganisasjon. Følgjande vert tilbodne å delta i redningsleiinga på nærare måte sett fast ved Justis- og beredskapsdepartementet: Avinor (eventuelt anna lokal luftfartsstyresmakt), brannstellet og Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum. Utover dette kan det, føresett tilstrekkeleg avtalegrunnlag og godkjenning frå hovudredningssentralane, vert gjort lokale tilpassingar i samansetjinga av den lokale redningsleiinga.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Redningssentralane». www.kriseinfo.no. Arkivert frå originalen 4. januar 2018. Henta 4. januar 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Organisasjonsplan for redningstjenesten - Lovdata». lovdata.no (på norsk). Henta 4. januar 2018.