Long Player av Faces

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Long Player
Studioalbum av Faces
Utgjeve Februar 1971
Innspelt September 1970 - januar 1971
Studio Morgan Sound Studios i London og med The Rolling Stones Mobile Recording Unit, i Fillmore East i NYC
Sjanger Rock & roll, boogierock, bluesrock, hardrock, countryrock
Lengd 45:16
Selskap Warner Bros.
Produsent Faces
Faces-kronologi
First Step
(1970)
Long Player A Nod Is As Good As a Wink... to a Blind Horse
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg [1]
Robert Christgau(B)

Long Player er det andre albumet til den britiske rockegruppa Faces, utgjeve i februar 1971. Her finst eit konsertopptak av Paul McCartney sin «Maybe I'm Amazed» og «I Feel So Good» frå Fillmore East i New York frå 11. oktober 1970.

Ein singelversjon av «Maybe I'm Amazed» kom ut like før albumet, med ein studioversjon av songen.

Den 28. august 2015 kom albumet ut med nymastra lyd og bonusspor, inkludert to songar som ikkje var gjevne ut før, «Whole Lotta Woman» og den instrumentale «Sham-Mozzal». To konsertopptak til frå Fillmore East vart òg inkludert.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalistLengd
1.«Bad 'n' Ruin»Ian McLagan, Rod StewartRod Stewart5:24
2.«Tell Everyone»Ronnie LaneRod Stewart4:18
3.«Sweet Lady Mary»Lane, Stewart, Ronnie WoodRod Stewart5:49
4.«Richmond»LaneRonnie Lane3:04
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalistLengd
5.«Maybe I'm Amazed» (konsertopptak frå Fillmore East, New York 11/10/70)Paul McCartneyRod Stewart, Ronnie Lane5:53
6.«Had Me a Real Good Time»Lane, Stewart, WoodRod Stewart5:51
7.«On the Beach»Lane, WoodRonnie Lane og Ron Wood4:15
8.«I Feel So Good» (konsertopptak frå Fillmore East, New York 11/10/70)Big Bill BroonzyRod Stewart8:49
9.«Jerusalem» (arr. Wood, feilaktig oppført som tradisjonell)Hubert Parry, William Blakeinstrumental1:53
Bonusspor frå 2015-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalistLengd
10.«Whole Lotta Woman»Marvin RainwaterRod Stewart 
11.«Tell Everyone» (Take 1)LaneRonnie Lane 
12.«Sham-Mozzal» (tidleg instrumentalversjon av Had Me A Real Good Time)Jones, Lane, McLagan, Woodinstrumental 
13.«Too Much Woman (For A Henpecked Man)» (konsertopptak frå Fillmore East, New York 11/10/70)Ike TurnerRod Stewart 
14.«Love In Vain» (konsertopptak frå Fillmore East, New York 11/10/70)Robert JohnsonRod Stewart 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Rod Stewart - solovokal
  • Ronnie Lane - bass, akustisk gitar, perkusjon, korvokal, solovokal [spor 4 & 7, første vers/harmoni på spor 5]
  • Ronnie Wood - sologitar, slidegitar, akustisk gitar og pedalsteelgitar, korvokal, solovokal [spor 7]
  • Ian McLagan - piano, orgel og klaverinstrument, korvokal
  • Kenney Jones - trommer og perkusjon
  • Bobby Keys - tenorsaksofon på «Had Me a Real Good Time»
  • Harry Beckett - trompet på «Had Me a Real Good Time»
  • Faces - produksjon

Anna informasjon[endre | endre wikiteksten]

  • Spor 1 og 2 spelt inn med Rolling Stones Mobile Studio. Lydteknikar: Martin Birch.
  • Spor 3, 4, 6 og 9 spelt inn i Morgan Sound Studios i London. Lydteknikar: Mike Bobak.
  • Spor 5 og 8 konsertopptak i Fillmore East, New York. Lydteknikar: Dave Palmer.
  • Spor 7 spelt inn i Revox spare room unit. Ukjend lydteknikar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Long Player av FacesAllmusic. Henta 30. mai 2018.