A Nod Is As Good As a Wink... to a Blind Horse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
A Nod's As Good As a Wink... to a Blind Horse
Studioalbum av Faces
Utgjeve 17. november 1971[1]
Innspelt Mars - september 1971
Studio Olympic Studios i London
Sjanger Rock & roll, boogierock, blues-rock, hardrock, countryrock
Lengd 36:28
Selskap Warner Bros.
Produsent Faces and Glyn Johns
Faces-kronologi
Long Player
(1971)
A Nod's As Good As a Wink... to a Blind Horse Ooh La La
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
Robert Christgau(A−)[3]
Rolling Stonemixed [4]

A Nod's As Good As a Wink... to a Blind Horse er det tredje studioalbumet til den britiske rockegruppa Faces, og det andre albumet deira i 1971. Støtta opp av suksessen som frontmannen og songaren Rod Stewart nyleg hadde hatt med songen «Maggie May», vart dette det mest suksessrike albumet deira, og det nådde sjetteplassen i USA,[5] og andreplassen i Storbritannia. Det inneheld òg den første hitten dei fekk i USA, «Stay with Me» (sjetteplassen i Storbritannia og 17. plassen i USA), og sjølve albumet selde til gullplate i USA i 1972.[6]

Albumet vart produsert av Glyn Johns. Bassisten Ronnie Lane, som ofte var frustrert over at han ikkje fekk syngje på så mange songar i Faces, fekk her syngje tre av sine eigne songar (ein skriven i lag med klaverspelaren Ian McLagan), mellom anna songen «Debris».

Det originale albumet kom ut med ein stor plakat som bestod av ei rekkje bilete, inkludert bilete av piller og bilete som tilsynelatande vart teken på turné av bandet der dei slår seg laus med nakne groupiar på hotellrom. Berre nokre veker etter albumet kom ut fekk plateselskapet kalde føter og gav ut albumet på ny utan plakaten. Originale utgåver av plakaten er i dag eit samlarobjekt.[7]

Den 28. august 2015 vart albumet gjeve ut på ny med nymastra lyd og bonusspor. To songar frå ei BBC-innspeling var ikkje gjevne ut før. Den nye vinylutgåva inkluderte den originale plakaten som kom med den originale vinylutgjevinga.

Albumet var inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Miss Judy's Farm»  Rod Stewart, Ronnie Wood 3:42
2. «You're So Rude»  Ronnie Lane, Ian McLagan 3:46
3. «Love Lives Here»  Lane, Stewart, Wood 3:09
4. «Last Orders Please» (songar: Ronnie Lane)Lane 2:38
5. «Stay with Me»  Stewart, Wood 4:42
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Debris» (songar: Ronnie Lane med Stewart på harmonivokal)Lane 4:39
7. «Memphis, Tennessee»  Chuck Berry 5:31
8. «Too Bad»  Stewart, Wood 3:16
9. «That's All You Need»  Stewart, Wood 5:05
Bonusspor på 2015-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
10. «Miss Judy's Farm» (BBC Session)Stewart, Wood  
11. «Stay With Me» (BBC Session)Stewart, Wood  

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Random Notes». Rolling Stone (Straight Arrow Publishers, Inc.) (96): 4. 25. november 1971. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. A Nod Is As Good As a Wink... to a Blind HorseAllmusic. Henta 31. mai 2018.
  3. Christgau, Robert (30. desember 1971). «Consumer Guide (22): Faces: A Nod's As Good As a Wink... to a Blind Horse». The Village Voice. Henta 31. mai 2018.  Also posted in a revised version with a lower rating at «Faces: A Nod's as Good as a Wink . . . to a Blind Horse > Consumer Guide Review». Robert Christgau. Henta 31. mai 2018. 
  4. Landau, Jon (6. januar 1972). «Faces A Nod's As Good As a Wink... to a Blind Horse > Album Review». Rolling Stone (99). Arkivert frå originalen 15. mai 2008. Henta 31. mai 2018. 
  5. A Nod Is As Good As a Wink... to a Blind HorseAllmusic. Henta 31. mai 2018.
  6. http://www.discogs.com/Faces-A-Nod-Is-As-Good-As-A-Wink To-A-Blind-Horse/release/4847644
  7. «Random Notes». Rolling Stone (99) (Straight Arrow Publishers, Inc.). 6. januar 1972. s. 4. 
  8. Robert Dimery; Michael Lydon (7. februar 2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 0-7893-1371-5.