Ronnie Wood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ronnie Wood
Ronwood.jpg
Verkeleg namn Ronald David Wood
Fødd 1. juni 1947
Hillingdon, London i England
Instrument Gitar, bass, pedal steel, lap steel, munnspel, saksofon, trommer, vokal
Sjanger R&B, rock & roll, blues, rock
Aktive år 1964 - til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar og plateprodusent
Tilknytt artistar The Birds, Faces, The Rolling Stones, The New Barbarians
Plateselskap Warner Bros.
Nettside www.ronniewood.com
Kjende instrument
Zemaitis
ESP Ron Wood signaturmodell
Duesenberg signaturmodell
Versoul-gitarar

Ronald David «Ronnie» Wood (fødd 1. juni 1947 i Hillingdon i London) er ein engelsk rockegitarist og bassist som er mest kjend som ein av medlemmene i The Rolling Stones og Faces.

På 60-talet spelte Wood både i The Birds, The Creation og The Jeff Beck Group (som bassist). Saman med Rod Stewart, som var vokalist i sistnemnde band, vart han med i The Small Faces i 1969. Gruppa skifta same år namn til The Faces, og hadde forholdsvis stor suksess fram til bandet vart oppløyst i 1975. Då hadde Wood alt starta å spele med The Rolling Stones etter at Mick Taylor hadde forlate bandet i 1974. I The Rolling Stones har han etter kvart utvikla eit særs godt samspel med Keith Richards.

Som låtskrivar har Wood heilt klart kome i skuggen av Mick Jagger og Keith Richards i The Rolling Stones. Han har riktig nok vorte tilskriven som låtskrivar saman med «The Glimmer Twins» på nokre få songar, men det skjedde på 80-talet, då Stones knapt kan seiast å ha vore på sitt beste.

Sjølv om Wood er best kjend som gitarist i the Stones, har han òg gjeve ut fleire soloalbum, utan at nokre av dei har vorte suksessar. Best kjend av dei eigne songane hans er nok «Seven Days» frå albumet Gimme Some Neck (1979) – ein song han fekk av Bob Dylan. Han har òg gjeve ut det reine instrumentalalbumet Mahoney's Last Stand (1976) saman med bassisten i The Faces, Ronnie Lane.

Album[endre | endre wikiteksten]

Med The Birds[endre | endre wikiteksten]

  • These Birds Are Dangerous (1966)

Med The Jeff Beck Group[endre | endre wikiteksten]

Med The Faces[endre | endre wikiteksten]

  • First Step (1970)
  • Long Player (1971)
  • A Nod Is as Good as a Wink...To a Blind Horse (1971)
  • Ooh La La (1973)
  • Coast to Coast: Overture and Beginners (Live) (1974)
  • Snakes And Ladders: The Best of Faces (1976)
  • The Best of the Faces: Good Boys... When They're Asleep (1999)
  • Five Guys Walk into a Bar... (2004)

Med Ronnie Lane[endre | endre wikiteksten]

  • Mahoney's Last Stand (1976)

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Med The Rolling Stones[endre | endre wikiteksten]

Sjå diskografien til The Rolling Stones frå 1976 og framover (frå og med Black and Blue).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]