Louis Moe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louis Moe

Statsborgarskap Noreg, Danmark
Fødd 20. april 1857
Arendal
Død

23. oktober 1945 (88 år)
København

Yrke illustratør, kunstmålar, skribent
Louis Moe på Commons

Louis Maria Niels Peder Halling Moe (20. april 185723. oktober 1945) var ein norsk-dansk teiknar, målar og forfattar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Tor hos Trym, 1898
Gamle barnerim, 1901

Moe var frå Tromøya i Arendal, der hans danskfødde far var tannlege. Sjølv byrja han i 1873 på teikneskulen i Kristiania, samstundes med Theodor Kittelsen. År 1875 reiste Moe vidare til København, der han året etter tok til på Kunstakademiet og i 1882-83 gjekk i lære hos Lauritz Tuxen. Han var frå 1881 fastbuande i Danmark, men fekk i 1896 bygt Juvlandsæter i Vrådal i Kviteseid kommune, der det i dag er eit galleri.

Moe bidrog med fantasifulle illustrasjonar til klassiske verk som Eddadikta i 1890 og til Saxo Grammaticus i 1898. Dessutan lag han illustrasjonar til ei mengd eventyrsamlingar og barnebøker. Han skreiv og illustrerte bøkene Langt, langt borte i skoven! i 1904 og Den blaa fugl i 1912, og illustrerte verk av mellom andre Vilhelm Krag, Jacob Breda Bull og Knut og Marie Hamsun. Han arbeidde også med raderingar frå 1900 og litografi frå 1905. Bilethistoriene hans utan tekst kan sjåast som forløparar for teikneseriane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]