Louise Juliana av Nassau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louise Juliana av Nassau

Fødd31. mars 1576
FødestadDelft
Død15. mars 1644
DødsstadKönigsberg
GravstadKönigsberger Dom
Gift medFriedrich IV.
Dynastihuset Nassau
FarVilhelm I av Oranien
MorCharlotte de Bourbon-Montpensier
BornFriedrich V., Elisabeth Charlotte av Pfalz, Ludwig Philipp, Louise Juliana of the Palatinate, Katharina Sophie von der Pfalz, Anna Eleonore von der Pfalz, Ludwig Wilhelm von der Pfalz, Moritz Christian von der Pfalz

Louise Juliana av Nassau (31. mars 157615. mars 1644) var kurfyrstinne av Pfalz, gift 1593 i Dillenburg med kurfyrste Fredrik IV av Pfalz. Ho var regent i Pfalz medan sonen hennar var mindreårig, frå 1610 til 1614.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Louise Juliana var fødd i Delft som ei av dei seks døtrene til Vilhelm I av Oranien og Charlotte de Bourbon-Montpensier. Mor hennar døydde i 1582 og faren i 1584, og blei ho sidan oppfostra av stemora si Louise de Coligny i Haag på kostnaden til den nederlandske regjeringa.

Kurfyrstinne[endre | endre wikiteksten]

Som medlem av eit mektig protestantisk dynasti var ho ei viktig brikke på den politiske ekteskapsmarknaden. Gjennom mekling frå onkelen hennar, Jan van Nassau, og med ei medgift frå dei hollandske statane og Zeeland og Henrik IV av Frankrike, blei det arrangert eit ekteskap for henne med Fredrik IV av Pfalz, som var ein av dei leiande potentatane i Tyskland. Vigselen fann stad i Dillenburg i 1593.

Paret so seg ned i Heidelberg, som var eit viktig sentrum for vitskap og kalvinistisk teologi på grunn av universitetet der. Fredrik IV bygde om fyrstebustaden til eit renessanseslott og førte eit påkosta hoffliv. Ekteskapet var ikkje lykkeleg, og Fredrik var ein stadig utru alkoholikar. Louise Juliana fødde barn kvart år fram til 1602, som ho sidan sende bort til oppfostring hjå søstera hennar Elisabeth i Sedan for å ikkje utsetja dei for det dårlege eksempelet til faren.

Regent[endre | endre wikiteksten]

I 1610 døydde ektemannen hennar og blei etterfølgd av sonen, som då var fjorten år gammal. Han blei derfor plassert under ei formyndarregjering leia av Johan av Pfalz-Zweibrücken og Louise Juliana. Som regent var ho mest opptatt av ekteskapspolitikk, og freista å arrangera gunstige politiske ekteskap for dei ugifte syskena og barna sine. Hovudprosjektet hennar var ekteskapet mellom sonen hennar og Elisabet Stuart av England, som fann stad i 1613. Då sonen blei myndig og formyndarskapen enda i 1614 flytta ho til enkjegodset sitt i Keiserlautern.

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Då sonen fekk tilbod om krona til Böhme i 1619 prøvde ho utan hell å overtyda han til å takka nei. Då han drog til Praha, vende ho tilbake til Heidelberg som rådgjevar for regenten til sonen, hertugen av Zweibrücken. Ho fekk òg hand om barnebarna sine, Elisabet og Karl Ludvig. Då sonen blei avsett frå trona i Böhmen i 1620 og keisarlege troppar erobra Pfalz blei familien nøydd til å flykta. Louise Juliana flydde med Elisabet og Karl Ludvig til Württemberg og derfrå til dottera si i Berlin. Elisabet og Karl Ludvig vende tilbake til foreldra sine i 1628.

Då Berlin blei kringsett av svenske troppar i 1631, under trettiårskrigen, fekk ho fullmakt av svigersonen til å forhandla med Gustav II Adolf. Ho lykkast i å redda Berlin frå øydelegging ved å overtala svigersonen til å gå med på krava til den svenske monarken. I 1638 flykta ho med det brandenburgske hoffet til Königsberg, der ho døydde i 1644. Ho blir allment skildra som modig og respektert.

Barn[endre | endre wikiteksten]

  1. Louise Juliana av Pfalz (fødd 1594, død 1640; gift med Johan II av Pfalz-Zweibrücken)
  2. Fredrik V av Pfalz (fødd 1596, død 1632)
  3. Elisabeth Charlotta av Pfalz (fødd 1597, død 1660; gift med Georg Vilhelm av Brandenburg)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Matty Klatter, Louise Juliana prinses van Oranje, in: Digitaal Vrouwenlexicon van Nederland. URL: http://resources.huygens.knaw.nl/vrouwenlexicon/lemmata/data/LouiseJuliana [13/01/2014]