Love Is on My Side

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Love Is on My Side»
Song av The Black Mamba
Land Portugal
Språk Engelsk
Utgjeve 27. februar 2021
Sjanger Pop, soul
Lengd 02:55
Selskap The Black Mamba
Låtskrivar(ar) Pedro Tatanka Caldeira

«Love Is on My Side» (norsk 'kjærleiken er på mi side') er ein popballade frå 2021 som vert framført av det portugisiske bandet The Black Mamba. Songen er komponert av Pedro Tatanka Caldeira og vann Festival da Canção 2021. Som vinnar av festivalen fekk «Love Is on My Side» representere Portugal i Eurovision Song Contest 2021. Der enda songen på tolvteplass.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Love Is on My Side» var det portugisiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021, etter at The Black Mamba fekk flest telefonrøyster i den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2021 laurdag 6. mars 2021.[1] Tevlinga er Portugal sitt svar på Melodi Grand Prix, og vinnaren får representere landet i Eurovision Song Contest.

Portugal vart trekt til å delta i den andre semifinalen som vart arrangert torsdag 20. mai 2021 i Rotterdam Ahoy i Nederland. Der kom songen på fjerdeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai.[2] Dette var fyrste gongen Portugal deltok med ein låt som berre hadde engelsk tekst.[3] I finalen enda songen på tolvteplass med 153 poeng.[4]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2021) Høgaste

plassering

Litauen (AGATA)[5] 46
Nederland (Single Top 100)[6] 70
Portugal (AFP)[7] 44
Storbritannia (UK Download)[8] 55

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 7. mars 2021 Digital nedlasting, strøyming The Black Mamba [9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Portugal: The Black Mamba wins Festival da Canção 2021 with "Love is on my side"» (på engelsk). 7. mars 2021. Henta 7. mars 2021. 
  2. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  3. «The Black Mamba slides towards Rotterdam» (på engelsk). 7. mars 2021. Henta 7. mars 2021. 
  4. «Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  5. «2021 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 20. juni 2021. 
  6. Hung, Steffen. «The Black Mamba - Love Is On My Side». Henta 5. september 2021. 
  7. «portuguesecharts.com - The Black Mamba - Love Is On My Side». Henta 5. september 2021. 
  8. «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  9. «Love Is On My Side - Single by The Black Mamba» (på engelsk). Henta 7. mars 2021.