Love Me or Leave Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Love Me or Leave Me»
Introdusert i Broadway-skodespelet Whoopee!
Låtskrivar Walter Donaldson
Tekst av Gus Kahn
Publisert 1928
Innspelt av Doris Day,
Sammy Davis, Jr.,
Lena Horne,
mange andre artistar

«Love Me or Leave Me» er ein amerikansk populære song frå 1920-åra.

Musikken var skriven av Walter Donaldson og teksten av Gus Kahn. Songen vart introdusert av Broadway-skodespelet, Whoopee!, som opna i desember 1928[1]. Ruth Etting si framføring av songen var så populær at ho måtte synge songen i skodespelet Simple Simon, som opna i februar <1930[1].

Innspelte versjonar[endre | endre wikiteksten]

Originalversjonen av songen, den bestseljande gjennom tidene, vart spelt inn av Ruth Etting den 17. desember 1928. Han vart gjeven ut av Columbia Records med B-sida «I'm Bringing a Red, Red Rose», òg skriven av Donaldson/Kahn[2]. Songen nådde 2. plassen på listene i 1929.

Andre populære versjonar på denne tida vart gjort av Guy Lombardo's Royal Canadians, med vokal av Carmen Lombardo (innspelt 20. mars 1929, gjeven ut av Columbia Records med B-sida «I'm Still Caring»[2]) og av Leo Reisman og orkesteret hans (innspelt 22. april 1929, utgjeven av Victor Records med B-sida «Sweet Chewaulka, Land of Sleepy Water»[3]).

Ei innspeling gjort 12. desember 1947 av Bing Crosby og orkesteret til John Scott Trotter kom ut i 1951 på Decca Records.[4].

Sidan songen vert rekna som ein av dei største hittane til Etting, vart tittelen nytta for filmen om livet hennar, med Doris Day som Etting, i 1955. Day-versjonen av songen, frå filmen, vart ein stor hit for ho. Same året spelte òg Sammy Davis Jr. og Lena Horne inn songen. Davis-versjonen låg 12 veker på Billboard-lista.[5].

Horne si utgåve nådde 19. plass på Billboard-lista[5].

Nina Simone spelte inn songen for debutalbumet Little Girl Blue (1958) og Let It All Out (1966). Simone-versjonen vart bytta i filmen Billy's Hollywood Screen Kiss. Denne versjonen vart gjeven ut som singel i 1959. Simone spelar her ein av J.S. Bach sine Inventionen i midten av songen.

Ella Fitzgerald spelte ei utgåve av songen i 1962 på Ella Swings Brightly with Nelson som vann ho ein Grammy-pris i 1963.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Peggy Lee på albumet Black Coffee.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • 1,0 1,1 Gardner, Edward Foote (2000). Popular Songs of the 20th Century: Chart Detail & Encyclopedia, 1900-1949. St. Paul, Minnesota: Paragon House. ISBN 1-55778-789-1. 
  • 2,0 2,1 Columbia Records in the 1500D to 1999D series
  • Victor Records in the 21500 to 21999 series
  • Decca Records in the 27500 to 27999 series
  • 5,0 5,1 Whitburn, Joel (1. november 2000). The Billboard Book of Top 40 Hits (7th Rev. edition utg.). New York: Watson-Guptill Publications. ISBN 978-0823076901.