Lovis Corinth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lovis Corinth

Statsborgarskap Kongedømet Preussen
Fødd 21. juli 1858
Gvardejsk
Død

17. juli 1925 (66 år)
Zandvoort

Yrke kunstmålar, bilethoggar, universitetslærar, grafikar, teiknar, litograf, illustratør, grafikar
Sjanger portrett, figurativ kunst, landskapsmåleri, religiøst maleri, mytologisk maleri
Medlem av Berlin-secesjonen
Ektefelle Charlotte Berend-Corinth
Born Wilhelmine Corinth, Thomas Corinth
Lovis Corinth på Commons

Lovis Corinth, opphavleg Franz Heinrich Louis Corinth, (21. juli 185817. juli 1925) var ein tysk målar og grafikar som i sine modne arbeid sameina ekspresjonisme og impresjonisme.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Familien Rumpf, 1901
Halvnaken kvinne med hatt, ca. 1910
Påske ved Walchensee, 1922

Corinth var fødd i Tapiau i Aust-Preussen. Talentet hans for teikning førte til at han i 1880 kom inn på kunstakademiet i München, med lærarar som var påverka av Barbizon-skulen. Corinth reiste seinare vidare til Paris og Académie Julian, der han studerte hos William-Adolphe Bouguereau. Dei tidlege måleria til Corinth vart skapte i ein naturalistisk stil, han interesserte seg lite for dei samtidige, impresjonistiske straumdraga.

I 1891 returnerte han til kunstakademiet i München, men året etter gav han opp akademi-studiane. I staden slo han seg i lag med andre frie kunstnarar og danna ein eigen organisasjon i 1894, kalla Berlin Sezession. År 1900 flytta Corinth til Berlin, der han hadde separatutstilling hos galleristen Paul Cassirer. 43 år gammal starta han ein teikne- og måleskule for kvinner i den tyske hovudstaden, og gifta seg med ein av dei første elevane sine.

Corinth vart i 1911 råka av hjerneslag. Hjerneslaget delvis lamma han, men kona hans hjelpte han slik at han i løpet av eitt år trena seg opp til å måle med høgrehanda. Han var likevel ute av stand til å arbeide på same måten som før, noko som førte til at målestilen hans vart mjukare og meir fargerik. Han fekk mykje ros for desse nye måleria, både for portretta og landskapsbileta. Landskapsmåleriet fekk elles ein meir framskoten plass i produksjonen hans.

Som svartkvit-kunstnar prøvde Corinth alle kjende grafiske teknikkar, med unnatak for akvatint. Han laga si første etsing i 1891 og første litografien i 1894. Av tresnitt finst einast 11, alle laga omkring 1919. Dei siste 15 leveåra laga han meir enn 900 grafiske arbeid, derimellom 60 sjølvportrett.

I 1925 reiste Picabia til Nederland for å sjå nærare på verk av gamle hollandske meistermålarar På turen fekk han lungebetennelse og døydde i Zandvoort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lovis Corinth