Lovisendal i Brekke

Koordinatar: 61°1′12.180″N 5°27′39.211″E / 61.02005000°N 5.46089194°E / 61.02005000; 5.46089194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°1′12.180″N 5°27′39.211″E / 61.02005000°N 5.46089194°E / 61.02005000; 5.46089194

Lovisendal
Foto: Bjarne Thune
Lovisendal
Foto: Bjarne Thune
Lovisendal
Foto: Bjarne Thune

Lovisendal er ein bygning i Brekke i Gulen kommune i Vestland. Huset ligg like ved Brekke kyrkje og er den gamle offisers og sorenskrivargarden. Breche Gaard var frå 1727 og fekk det nye namnet Lovisendal i 1819. Huset ligg på Ytre Brekke ved Risnefjorden. Det var embetsmannshus, familiebustad og kontor. Bygningen er freda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den norske hær vart oppretta i 1628. Det Bergenhusiske Regiment bestod av kompania Sunnmøre, Nordfjord, Sunnfjord og Ytre og Indre Sogn. I Brekke var der ekserserplass like ved elveosen. Heilt frå 1677 hadde det budd offiserar på Breche Gaard.[1]

Garden vert bygd[endre | endre wikiteksten]

Even Kraft budde i Brekke frå 1727 til 1745 i eit hus som vart kalla Løytnanthuset. Han hadde vore med i striden mot svenskane i Elleveårskrigen 1709-20. Han var offiser i Det Bergenhusiske Regiment. Han kjøpte også kyrkja i Brekke i 1725, og i 1727 bygde han eit stort bustadhus på garden. Huset hadde storstove, to gjesterom, ei forstove, entre med trapp til hagen, ei daglegstove, eit stort og eit lite sengekammers, tenarstove og stort kjøkken, samt to kvistrom ovanpå. I romma var der fem kakkelomnar til oppvarming. Løytnanthuset vart heretter brukt til skulestove og mjølkebu.[2]

Even Kraft flytta til Munkholmen ved Trondheim i 1745 og vart kommandant der. Lovisendal vart då overtatt av sonen Wincentz Henrich Kraft som også var offiser. I 1753 flytta han til Danmark for å overta ein gard han hadde arva der, og bror hans, kaptein Knud Kraft, overtok garden i Brekke.

Våren 1753 begynte Knut Kraft å setja kyrkja og husa på Brecke Gaard istand. Taket på kyrkje var av bord og meir elle mindre øydelagt. Det draup mange stader på golvet og nedover veggene. Kyrkja vart grundig reparert og fekk pannesteinstak. På hovudbygningen vart også taket reparert, og han vart også tekt med pannestein. Knud Kraft døydde i 1765.[3]

Sorenskrivargard[endre | endre wikiteksten]

I 1769 vart Lovisendal med Breche Gaard sorenskrivarsete for Ytre Sognsorenskrivar og justisråd Niels Hegelund Holtzrod kjøpte eigedommen og busette seg der.

I 1814 kjøpte sorenskrivar Peter Boerthman Voss frå København hovudbygningen på garden og busette seg der. Han byrja å kalle eigedommen Lovisendal etter kona Louise. Namnet er første gong brukt 17. august 1819. Då Voss fekk eit anna embete i 1825, var det slutt på sorenskrivar-epoken i Brekke.[4]

Skule[endre | endre wikiteksten]

Før han flytta selde Voss Lovisendal med hage og tilhøyrande jordegods og hus til Eivindvik skulekommune. Presten Niels Griis Alstrup Dahl stod bak dette kjøpet då han ynskte å få til faste skular for å avløyse omgangsskulen. Lovisendal vart skulehus og lærarbustad for Brekke krins. I huset budde også ein paktar som skulle gje læraren mat og sørgje for reinhold av lokala. I åra 1825-27 eigde Eivindvik skulekommune bygningen.[5]

I 1827 kjøpte Dahl Lovisendal av Eivindvik skulekommune. Han kjøpte også resten av garden der det fanst eit gjestgjevari Sjøstuen . Dahl ynskte å få slutt på det ulovlege salet av øl og brennevin. Dahl hadde eigedommen til 1851.[6]

Landhandel[endre | endre wikiteksten]

Huset hadde dei neste åra fleire eigarar, og ein byrja med landhandel her. Eiler Mikael Ellingsen bygde hus på Ytre Brekke og byrja som landhandlar der. I 1887 vart han ekspeditør på Fylkesbaatane og i 1893 fekk han bygselbrev på Lovisendal. i 1897 fekk han skøyte på garden med hus, hage og eigedom. I 1920-åra vart landhandelen driven av Bernhard Ellingsen.[7] Heilt fram til 1965 vart det drive landhandel i dei gamle bygningane på Lovisendal, for det meste av familien Ellingsen.[8] Lovisendal vert no brukt som barnehage.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Engesæther, Ludvig: Brekke Herred, Gard Tun Ætt Bind 1-3 1944 side 685
  2. Engesæther, Ludvig: Brekke Herred, Gard Tun Ætt Bind 1-3 1944 side 686
  3. Engesæther, Ludvig: Brekke Herred, Gard Tun Ætt Bind 1-3 1944 side 691
  4. Engesæter, Ludvig: Brekke Herred, Gard Tun Ætt Bind 1-3 1944 side 703
  5. Engesæter, Ludvig: Brekke Herres, Gard Tun Ætt Bind 1-3 1944 side 704
  6. Engesæter, Ludvig: Brekke Herres, Gard Tun Ætt Bind 1-3 1944 side 704
  7. Engesæter, Ludvig: Brekke Herres, Gard Tun Ætt Bind 1-3 1944 side 713
  8. Nrks Fylkesleksikon

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Engesæter, Ludvig: Brekke Herred, Gard Tun Ætt Bind 1-3 1944

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]