Ludvig den tyske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvig den tyske

Føddca. 806
Død28. august 876
DødsstadFrankfurt am Main
GravstadLorsch kloster
Gift medHemma
DynastiKarolingarane
FarLudvig den fromme
MorErmengarde of Hesbaye
BornKarloman av Bayern, Irmgard av Chiemsee, Louis III the Younger, Karl den tjukke, Bertha, Hildegard, Gisela, Verona of Leefdaal, Veronus of Lembeek

Ludvig den tyske (80628. august 876) var den fyrste kongen av Austfrankarriket.[1] Han var soneson av Karl den store, og tredje son av Ludvig den fromme og den fyrste kona hans Ermengard av Hesbaye.[2]

Ved delinga av riket i 817 fekk Ludvig tildelt Bayern, og byrja å styra området i 826. Han deltok i opprøra mot far sin i 830-833, og allierte seg med halvbroren Karl den skalla mot broren Lothar I og kravet hans om keisarleg overherredøme over heile Frankarriket etter at far deira døydde i 840. Ved traktaten i Verdun i 843 blei riket delt mellom brørne i ein vestleg, ein midtre og ein austleg del. Ludvig fekk tildelt den austlege delen. I 853 gjorde adelen i riket til Karl den skalla opprør, og bad om støtte frå Ludvig. Han sende sonen sin Ludvig den yngre til Aquitaine, og gjekk vestover sjølv i 858 for å avsetja halvbroren, men begge krigane mislykkast. Med fredsavtalen i Koblenz i 860 sa Ludvig frå seg alle krav på riket til Karl den skalla.

Då broren Lothar I døydde i 855 blei landet hans fordelt mellom sønene hans. Sonen Lothar II arva Lotharingia, men hadde ingen eigne arvingar. Ludvig og Karl blei samd om dela landet hans mellom seg då han døydde, men då dette skjedde i 869 braut Karl avtalen ved å annektera Lotharingia. Ludvig invaderte landet i 870. Konflikten blei løyst ved traktaten i Meerssen ved at Lotharingia blei delt mellom dei; Ludvig fekk Friesland og dei større områda vest for Rhinen. I 865 og 872 delte Ludvig riket sitt mellom sønene sine Karloman, Ludvig den yngre og Karl den tjukke. Usemje mellom sønene om fordelinga førte til opprørar mellom sønene i 861 og 873. Ludvig prøvde utan hell å bli keisar etter broren Lothar, og på tida han døydde freista han igjen å gå til krig mot broren Karl.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Ludvig den tyske med sønene sine; frå 1300-talet.
Illustrasjon med ein konge, venteleg Ludvig den tyske, i det såkalla Ludvigspsalteret frå seint 800-tal.
Riksoppdelinga ved Traktaten i Verdun i 843

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I barndommen var Ludvig ved hoffet til farfaren sin, Karl den store, som det blir sagt hadde han særskilt kjær.

Konge[endre | endre wikiteksten]

Då Ludvig den fromme delte riket sitt mellom sønene sine i 817, fekk Ludvig Bayern og områda rundt, men han tiltredde ikkje embetet sitt før i 825 ettersom han med ein gong blei innblanda i krig med vendarane og sorbarane langs den austre grensa av riket. I 827 gifta han seg med Emma, systera til stemora hans Judit og dotter av Welf I, som herska over eit område som strekte seg frå Alsace til Bayern. Like etter blei Ludvig involvert i konflikten som oppstod då Judit prøvde å sikra eit kongedøme til sonen sin Karl (seinare kjend som Karl den skalla), og dei påfølgjande kampen mellom Ludvig og brørne hans mot keisar Ludvig I.

Då den eldre Ludvig døydde i 840 og den eldste sonen hans Lothar I gjorde krav på heile riket, allierte Ludvig seg med halvbroren sin Karl den skalla, og saman overvann de Lothar ved Fontenoy i juni 841. I juni 842 møttest dei tre brørne til ein fredskonferanse på ei øy i elva Saône, der dei alle hadde vald ut 40 representantar som skulle fastsetja grensene mellom kongedøma deira. Møtet resulterte i traktaten i Verdun som blei underteikna i august 843, og innebar at Ludvig fekk størsteparten av Frankarriket aust for Rhinen og områda omkring Speyer, Worms og Mainz på venstresida av Rhinen. Dette territoriet omfatta òg Bayern, der Ludvig gjorde Regensburg til hovudstaden i eit rike som omfatta Thüringen, Franken og Sachsen. Han kan seiast å ha grunnlagt det tyske kongeriket, sjølv om innsatsen hans for å halda det saman var ganske avgrensa. Etter å ha slått ned eit opprør i Sachsen i 842, overmanna han obotritarane og kjempa mot bohemarane og moravarane og andre stammar. Han var derimot mindre framgangsrik i kampen sin mot danske vikingar.

På den same tida blei det halde synodar og andre møte der ein slo fast lover for å betra leiinga av kyrkja og staten. I 853 og åra som følgde gjorde Ludvig meir enn eitt forsøk på å sikra trona i Akvitania, noko som ifølgje krønikene i klosteret i Fulda (Annales Fuldenses) folket i landet skal ha tilbode Ludvig på grunn av det dårlege styret til Karl den skalla. Oppmuntra av onklane sine Pippin II av Akvitania og Karl, konge av Provence, invaderte Ludvig landet - Karl den skalla klarte ikkje eingong å sama ein hær mot angriparane. I 858 utforma Ludvig eit kongebrev som var datert «det fyrste året av regjeringstida i Vestfrankia». Forræderi og deserteringar i hæren hans, og den akvitanske lojaliteten til biskopane mot Karl, gjorde likevel at føretaket enda opp mislukka. Ludvig sa frå seg krava i ein traktat som blei underteikna i Koblenz den 7. juni 860.

I 855 døde keisar Lothar, og Ludvig og Karl verker å ha samarbeidd ei tid med planar om å dela eigedommane hans. Det som verker å ha forpurra planane deira var sønene til Lothar, Lothar III, Ludvig II og Karl av Provence.

I 863 døde Karl, og no kunne dei dela Provence og Burgund mellom seg. Ved eit møte i Metz i 868 kom dei to kongane fram til ei semje om oppdelinga, men då Lothar II døydde i 869 var Ludvig den tyske alvorleg sjuk og hæren hans var bunden opp av stridar mot moravarane. Dette utnytta Karl den skalla til å ta for seg av heile kongedømet til Lothar. Då Ludvig var på beina igjen, klarte han ved hjelp av ein krigstrussel å få Karl til å godta traktaten i Mersen, som regulerte oppdelinga av riket mellom dei to kongane.

Dei siste åra til Ludvig blei formørka av opprør frå sønene hans. Den eldste, Karloman, leidde opprør i 861 og 863. Den andre sonen hans Ludvig den yngre tok etter, og seinare følgde også broren deira Karl den tjukke. Rapportar om at keisar Ludvig II hadde døydd gjorde likevel at faren og sønene blei forlikte. Ludvig freista så å vinna den keisarlege trona til Karloman. Men Ludvig II, som slett ikkje var død, og Karl den skalla, sette stopp for det.

Ludvig heldt på å førebu fleire krigstog. Han døydde likevel den 28. september 876 i Frankfurt.

Han blei gravlagd i klosteret i Lorsch, og etterlét seg tre søner og tre døtrer.

Av mange blir Ludvig rekna som den mest kompetente av sønene til Ludvig den fromme. Han klarte å halda oppe ein relativt god orden for å ha regjert eit rike som var under angrep frå vikingar, ungararar, moravarar og andre stammar, og klarte å slå tilbake angrepa frå desse. Han levde i tett allianse med kyrkja, som han var svært generøs mot, og han arbeidde ivrig for å omvenda dei heidenske naboane sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dutton (1990), s. 92.
  2. Riche (1993), s. 145.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dutton, Paul Edward (1990): «Beyond the Topos of Senescense: The Political Problems of Aged Carolingian Rulers» i: Sheehan, Michael M.: Aging and the Aged in Medieval Europe. Pontifical Institute of Medieval Studies.
  • Geary, Patrick J. (2006): Women at the Beginning: Origin Myths from the Amazons to the Virgin Mary. Princeton University Press.
  • Goldberg, Eric Joseph (2006): Struggle for Empire: Kingship and Conflict Under Louis the German, 817-876. Cornell University Press.
  • Gwatkin, Henry Melvill et al, red. (1957): The Cambridge Medieval History, 3, Macmillan.
  • McKitterick, Rosamond (1999): The Frankish Kingdoms under the Carolingians. Longman.
  • Reuter, Timothy (2013): Germany in the Early Middle Ages C. 800-1056. Routledge.
  • Riche, Pierre (1993): The Carolingians: A Family who Forged Europe, University of Pennsylvania Press.
  • Walsh, Michael J. (2007): A New Dictionary of Saints: East and West. Liturgical Press.